Etter at NRK sin korrespondent nokre dagar no har fortalt oss at no er opprøret
i Palestina er i ferd med å stilne, eksploderer det i Ramalla. Den som kjenner
litt til området vil elles vite at om det er stille på overflata, skal det ein
mindre provokasjon til enn den Arile Sharon sette i verk, for å setje eld til
brannen. Opprøret vi no ser er eit resultat av lang tids oppsamla frustrasjon,
av håpløshet, av desperasjon.
Knut Rognes sitt innlegg her på forumet i går inneheld elles nyttig
bakgrunnstoff for å forstå det palestinske sinnet:
>
> "....Since 1994, Palestinians have seen the influx of 50,000 new Jewish
> settlers into the West Bank and Gaza, the paving of more than 400 kilometers
> of roads on confiscated land, demolition of more than 800 Palestinian homes,
> a threefold inc rease in unemployment ...the arrest of 13,000 Palestinians,
> and complete curtailment of freedom of movement...."
<http://www.itk.ntnu.no/ansatte/Andresen_Trond/kk-f/fra250700/0572.html>http://ww
w.itk.ntnu.no/ansatte/Andresen_Trond/kk-f/fra250700/0572.html
Som ein av skribentane Rognes refererer peikar på: For første gong på tiår står
palestinarar så vel innanfor Israel som i Libanon og i dei okkuperte områda
samla. Det er liten grunn til å tru at opprøret vil leggje seg på kort sikt.
Til bakgrunnen høyrer også karakteren av staten Israel. Ei meiningsmåling
offentleggjort i den israelske avisa Ma'ariv seier sitt om haldningar til
"arabarar" mellom dei jødiske innbyggjarane av staten:
I følgje målinga stør to tredeler av israelarane tanken på å landsforvise
"arabarar" til andre arabiske land, dersom dette ikkje ville medføre
internasjonal fordøming av staten. To tredeler av den jødiske folkesetnaden
ville altså helst kvitte seg med arabarane, om det ikkje var for den
internasjonale opinionen. Meir utfyllande omtale av målinga på
<http://www.hebron.com/expelling-palestinians-moledet-zeevi.html>http://www
.hebron.com/expelling-palestinians-moledet-zeevi.html
Mange palestinarar har blitt landsforvist gjennom åra under okkupasjon, i strid
med internasjonal lov. Men at eit fleirtal av staten Israel sine innbyggjarar
vil gå til eit slikt overgrep for å kvitte seg med eit "problem" er i beste
fall skremmande. Om ikkje nytt
I 1988 ville omlag halvdelen av dei spurde deportere "arabarane" frå territoria
(israelske betegnelse på dei okkuperte områda, min merknad) i følgje ei måling
offentleggjort i avisa "Jerusalem Post"
Spørsmålet i denne målinga var "Dersom territoria framleis vil vere under
israelsk styre, kva bør gjerast for å bevare den demokratiske karakteren av
staten" 49% kryssa av for alternativet deportasjon, medan 48% ville deportere
når spørsmålet vart gjentatt med ordlyden "... den jødiske karakteren av
staten..." (Jerusalem Post 12. august 1988)
Det "demografiske problemet" grunnar seg på ein høgare fødselsrate mellom
palestinarar enn mellom israelarar. (5,1% årleg vekst i folketalet på
Vestbredden/Gaza mot 3,2% i Israel, i følgje Statistisk sentralbyrå). Sjølv
staten Israel sin "import" av jødar frå Aust-Europa og andre stader kan i
lengda ikkje vege opp for dette.
Men når store deler av den jødiske folkesetnaden i Israel vil landsforvise
ikkje-jødiske innbyggjarane for å sikre staten som ein jødisk stat og
samstundes unngå vansken med opent å nekte ei gruppe vanlege demokratiske
rettar, er dette kanskje meir skremmande enn at militærapparatet i landet
bombar ein politistasjon.
Som eit høgreorientert medlem av Knesset kommenterer målinga i Ma'ariv:
"Israelarane har innsett at det er uråd å leve i eit land med to
nasjonalitetar. Løysinga på det er adskillelse, eller deportasjon."
Etnisk rensking er eit anna ord for det same.
Arne Apold
This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Oct 12 2000 - 23:01:41 MET DST