en_oppblåst_klovn_som_utenriksminister_

From: Karsten Johansen (kvjohans@online.no)
Date: Thu Oct 12 2000 - 17:48:09 MET DST

  • Next message: Arne Apold: "Det enklast er deportasjon"

    Torbjørn Jagland er den mest latterlige politiker Norge noengang har hatt,
    og det sier ikke så lite. Få viser bedre enn ham Ap.s karakter av
    NATO-og-EU-stalinistisk kalkun.

    Karsten Johansen

    http://www.dagogtid.no/arkiv/2000/41/roald

    Dag og Tid nr. 41, 12. oktober 2000

    Roald Helgheim:

    Nordmenn alltid med

    Det var ikkje folket i Jugoslavia som
    gjorde det av med Milosevic-regimet, det var Norge. Det har vi
    utanriksminister Thorbjørn Jaglands ord for. Etter at slaget var over, drog
    han til Beograd og innkasserte æra for revolusjonen på den mest usmakelege
    måten vi har sett av ein norsk minister. “Norge visste alt”, seier han til
    Aftenposten søndag. Ikkje berre visste han ei veke før at Milosevic ville
    falle, han visste sikkert at hæren ikkje vil gripe inn, seier han til avisa
    som følgde ministeren på flyet frå Heathrow til Beograd. Det var ein omveg
    heim frå stemmesanking for Norge i FN. “Ved detroniseringen av Slobodan
    Milosevic mener Jagland at det norske diplomatiet har vunnet nok en seier”,
    skriv avisa, som meiner Jagland var den som fekk størst merksemd frå den nye
    leiaren då han kom til den jugoslaviske hovudstaden.

    Så følgjer ei utruleg skryteliste frå ministeren over kor unike kontaktar
    Norge hadde med opposisjonen. “I sommer var det til og med på tale å
    planlegge valgkampen på Jaglands hytte i Risør. Men på grunn av interne
    stridigheter i opposisjonen, som utgjør 18 partier, ble det ikke noe av
    møtet i Risør”! Men Jagland kjende personleg Zoran Djindjic, og det var han
    som bestemde at Kostunica, og ikkje Djindjic sjølv, skulle vere opposisjonen
    sin hovudkandidat. Men no er ikkje Kostunica utan å vidare å rekne som
    Vesten mann, innvender ein journalist. “Vi liker ikke alt han står for, men
    han er demokratisk valgt”, seier Jagland.

    Ein gong song Tramteatret visa “Ingen nordmenn med”, der dei parodierte
    media sin hang til alltid å vinkle store katastrofar i utanverda med om det
    var nordmenn der. No har media fått ein ny hang til å referere norske
    augnevitne, som då Dagbladet etter Concorde-styrten utanfor Paris på
    framsida kunne fortelje at nordmenn såg flyet styrte.

    Det er likevel ingenting mot den internasjonale politiske arena, der det
    norske imaget som internasjonal fredsmeklar blir blankpussa ved første høve.
    Uavhengig av synet på den politiske lina han stod for, var tidlegare
    utanriksminister Vollebæk i alle fall ein handlingas mann og ein diplomat av
    eit visst format. Thorbjørn Jagland er berre ein reisande skrytepave. Viljug
    har han late seg fotografere saman med partane i Midt-Austen, men har spela
    null rolle på Norges gamle fredsmeklarscene. I staden gjer han skam på Norge
    med å proklamere at “vi tar avstand fra all vold”, ei fråsegn som
    likestiller partane i ein krig der det ikkje berre er Israel som er
    okkupanten, men Israel som skyt med bomber og granatar mot steinkastande
    ungdom. Som raserer ny palestinsk busetjing mens den israelske busetjinga på
    palestinsk jord berre skyt fart. Fordi Norge heile tida har vore passive
    andsynes dei israelske provokasjonane, held “Oslo” på å bli eit skjellsord i
    området. Norge stadfeste rolla som “USAs rævdilter”, som Fritz Nilsen skriv
    i Dagbladet. Thorbjørn Jagland reiste rundt og kjøpte stemmer frå små
    øystatar til støtte for norsk plass i Tryggingsrådet, før avstemminga denne
    veka. Men medlemmer i Tryggingsrådet må tone flagg og grunngje standpunkta
    sine. Norge må leggje fram eigne synspunkt i kontroversielle saker der Norge
    ikkje har blitt avkrevd noko svar.

    I april støtta Norge utan reservasjonar ei fordømming av menneskerettsbrot
    på Cuba som mellom andre land Tsjekkia, Guatemala og Argentina reiste i FN.
    Det gjorde ikkje EU-landa. Dei ville ha med ein merknad som også fordømde
    USAs blokade av øya. Til og med som EØS-medlem er Norge meir eit haleheng
    til USA enn til EU, denne gongen som stemmefiskar. Norge går ikkje på tvers
    av USA i noko avgjerande spørsmål. Den siste FN-resolusjonen om Midt-Austen
    var så tannlaus at USA berre let vere å stemme, og den berykta talsmannen
    for den israelske ambassaden i Norge er nøgd med den norske haldninga.

    Det var den historiske rolla som støttespelar for Israel som var avgjerande
    for at Norge kunne mekle i Midt-Austen. Ikkje tilnærminga til PLO, der Norge
    har vore ei sinke i høve til resten av verda. Det seier forskaren Hilde
    Henriksen Waage ved Institutt for Fredsforsking. Ho har evaluert den norske
    bakkanalen på oppdrag frå UD, og understreka for Dag og Tid i vår at skal du
    forhandle, må du først og fremst stå på venskapleg fot med den sterke
    parten, i dette tilfellet Israel og USA.

    Norges viktigaste innsats i Jugoslavia var å vere støttespelar for
    Nato-bombinga. Det er det utbomba folket som sjølv har styrta tyrannen sin.
    Det krev eit heilt anna mot enn det kvalmande sjølvskrytet frå ein ærelaus
    norsk utanriksminister. Roald Helgheim



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Oct 12 2000 - 17:50:02 MET DST