(no subject)

From: asgeirbj@student.sv.uio.no
Date: Tue Oct 10 2000 - 14:50:03 MET DST

  • Next message: Karsten Johansen: "så_kom_flommen"

    Same kva ein vel å kalle omveltinga som foregår i Jugoslavia, så blir det
    meir og meir tydeleg at den er grunnleggande antidemokratisk. Det var den
    gyldne regel (dvs:den som har gullet lagar reglane), som brakte DOS til
    valseier og det er den gyldne regel som bestemmer maktforhalda i alliansen.

    Kostunica som foreløpig er den einaste i DOS-alliansen som er folkevald til
    ein legal maktposisjon - utan behov for støtte frå delar av den
    sosialistiske alliansen - havnar meir og meir i bakgrunnen. Zoran Djindjic
    og til dels Mladjan Dinkic(G17+) blir meir og meir hyperaktive med forslag
    som dei aldri hadde tort å snakke høgt om under valkampen (til veljarane
    vel og merke, sponsorane i vest har nok fått lovnadene for lenge sidan).

    DOS har fått det for seg at 51,3% av stemmene i presidentvalet (dersom det
    var deira egne tal som vart bekrefta av domstolen), automatisk gjev dei
    rett til å ta over makta både i det føderale parlamentet der dei har eit
    stort mindretal, det serbiske parlamentet der dei ikkje har ein einaste
    representant, dermed også over den føderale og den serbiske regjeringa samt
    den serbiske presidenten som konstitusjonelt har større makt enn den
    føderale presidenten, i tillegg kuppar dei ei rekke institusjonar og
    forretningsforetak.

    Kostunica ymtar forsiktig frampå om konstitusjonen, medan Djindjic sender
    sine gutar ut for å samle inn høflige avskjedssøknadar framfor
    geværmunningane, truar med nye opptøyar, fråtar det serbiske parlamentet
    deira konstitusjonelle rettar og vil omdøype Jugoslavia til unionen av
    Serbia og Montenegro.

    New York Times skreiv i går om utskiftinga av tollsjefen, som vart trua til
    avskjed med våpenmakt: To the surprise of Mr. Kostunica and some of his
    allies, a businessman named Dusan Zabunovic, who is considered close to Mr.
    Djindjic and owns an import company called M.P.S., was appointed head of
    customs
    (link lenger nede i innlegget)

    Til gjengjeld lovar han at dei nye regjeringane ikkje skal vere politiske,
    men "ekspert-regjeringar". I det føderale parlamentet er forresten ikkje
    det et løfte, men et krav som ser ut til å vere til hinder for at DOS kan
    få SNP til å skifte side og slik danne eit legalt fleirtalsgrunnlag for ein
    regjeringskoalisjon. I går gjekk Predrag Bulatovic, som er rekna for å vere
    mellom dei mest DOS-vennlege i SNP, ut og sa at Momir Bulatovic fortsatt
    burde vere statsminister. Momir Bulatovic har vore statsminister i
    koalisjon med Milosevics sosialistparti og vart forrige onsdag utpeika til
    å fortsette som statsminister for denne alliansen. Etter
    kuppet/revolusjonen/Jaglands store diplomatiske seier har maktbalansen
    blitt endra og dei demokratiske spelereglane oppheva, og SNP har vel i
    realiteten valet mellom å skifte side eller å bli feia til side saman med
    resten av parlamentet. Elles kan parlamentet "blokkere" for "reformer"(
    "upolitiske","nødvendige" og "demokratiske" reformer sjølsagt.)

    Om SNPs posisjon frå gårsdagens Independent:
    http://www.independent.co.uk/news/World/Europe/2000-10/milosevic091000.shtml

    Kryptiske og kortfatta nyheitsmeldingar fortel at Bulatovic gjekk av i går
    og at dette på ein eller annan mystisk måte skulle vere eit skritt på vegen
    til å få oppløyst det serbiske parlamentet (delstatsparlamentet ikkje det
    føderale).
    F.eks denne frå New York Times:
    http://www.nytimes.com/2000/10/09/world/10CND-YUGO.html
     
    Ingen av dei meldingane eg har lese, nemner om SNP har inngått
    koalisjonsavtaler med DOS, og om dei i såfall har gått med på at regjeringa
    skal vere upolitisk "ekspertregjering" eller om dei har fått gjennomslag
    for statsminister frå SNP.

    Tilsvarande blir det meldt at delstatsparlamentet har blitt einige om å
    skrive ut nyval i desember og at ei "ekspert-regjering" skal ta over fram
    til då, samtidig som Seselj blir angripen av DOS-demonstrantar som hevdar
    han bremsar revolusjonen. Eg får det ikkje til å henge saman, er
    takknemmlig om nokon kan forklare dette. AP skreiv i går om Seseljs
    posisjon (eg har klipt denne frå emperors-clothes):

    Still, Milosevic's hard-line allies in the Serbian parliament were trying
    to keep the current legislature in place until the new elections, despite
    calls for its immediate dissolution.

    ``This is a highway robbery,'' said Vojislav Seselj, Serbia's
    ultranationalist deputy prime minister who has been allied with Milosevic.
    ``You will not get our blessing for a coup,'' referring to alleged forceful
    removal of Milosevic's cronies from all major state institutions.

    Seselj accused pro-democracy forces of using ``lynching methods'' to force
    out rivals. Seselj, for the first time, acknowledged that Serbia's
    parliament had lost control of the republic's police to pro-Kostunica forces.

    As Seselj was leaving Serbia's parliament, he was jostled by an irate
    crowd. One of his bodyguards fired shots in the air, and a photographer was
    punched and kicked in the head by a bodyguard. No one was seriously hurt.

    Når eg tenker meg om så var det kanskje berre uttalelsar frå Djindjic som
    slo fast at ei ekspert-regjering skal ta over fram til valet. Så då heng
    det vel saman likevel, det er berre parlamentet som ikkje har bøygd av enno.

    Asgeir Bjørkedal



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Tue Oct 10 2000 - 14:53:53 MET DST