Re: AKP, Mao og kofferter med kontanter

From: asgeirbj@student.sv.uio.no
Date: Tue Oct 03 2000 - 19:51:48 MET DST

  • Next message: Knut Rognes: "Re: AKP, Mao og kofferter med kontanter"

    At 15:58 03.10.00 +0200, jonivar skullerud wrote:

    >Så Knut Rognes mener kort sagt at ingen regjering har noen rett til å
    >støtte opposisjonen i et annet land. Ikke en gang pengestøtte er
    >tillatt. Rognes fordømmer med andre ord på det sterkeste den norske
    >regjeringens støtte til ANC og SWAPO under apartheid-regimet, f.eks.
    >Greit å vite.
    >

    Noko seier meg at Rognes si formulering med "for å fremme egne politiske
    interesser" er relevant her. Trur ikkje du det?

    Kanskje er dette berre nok et "retorisk poeng", som egentlig forsvinn når
    du innrømmer at Rognes og alle andre ser dei åpenbare forskjellane mellom
    tilfella du samanliknar?

    >Det finnes en viss logikk i dette standpunktet. Min kritikk av
    >vestlige regjeringer er snarere den motsatte: at de IKKE tidlig nok
    >støttet den demokratiske opposisjonen i Serbia (og ellers i
    >Jugoslavia, inkludert Kosov@), og ikke minst de uavhengige media. Da
    >kunne muligvis mye av krigshandlingene vært unngått.
    >
    >
    >jonivar
    >

    I din kritikkk finns det sjølsagt mykje meir enn "en viss logikk". Den
    sylskarpe og tversigjennom stringente analysen bak må vel sjå omtrent slik ut:

    Vestlige media burde ha finansiert "uavhengige" media som kunne lære
    jugoslavane generelt og serberane spesielt at vanlege folkerettslege
    spelereglar ikkje kan gjelde i Jugoslavia.
     
    Vi burde ha fått dei til å forstå at den vanlege statlege suvereniteten
    ikkje kunne gjelde når Tyskland og Tudjman ville gjenreise ustasja-Kroatia
    som ein suveren stat, og seinare når Iran og USA ville bygge sitt
    "multikulturelle" Bosnia.

    Vidare måtte vi forklare dei at sjøl om den folkerettslege suverene
    statusen til jugoslavias grenser måtte forkastast, så må dei gamle
    delstatsgrensene vere hellige og ukrenkjelege, dersom kroatiaserberane og
    bosniaserberane ikkje ville bli med i dei nyoppretta statane. Elles kunne
    serberane kome til å innbille seg at dei hadde like mykje rett til å
    lausrive seg frå statar dei ikkje likar som andre folkeslag.

    Vi måtte ha fått dei til å forstå at det ville vere "stor-serbisk
    nasjonalisme" om dei heller ville vere i igjen i gode gamle jugoslavia, dei
    "uavhengige" media måtte nok ha terpa en god del på at dette er fy-fy medan
    den kroatiske nynazistiske nasjonalismen og den bosniamuslimske
    fundamentalismen berre var uttrykk for rettmessig fridomskamp.

    Den siste utfordringa ville bli å forklare dei at dei serbiske
    delstatsgrensene ikkje kan ha same ukrenkelege statusen som dei andre gamle
    republikkgrensene. Og at det ville vere stor-serbisk nasjonalisme, ultimat
    fy-fy og folkemord dersom Serbia prøvde å stritte imot serbialbanerane sitt
    rettmessige krav på et stor-albania.

    På denne måten kunne vi bere vår ariske byrde med fredelegare middel, men
    det spørs jo om vi ville hatt råd til det.

    Asgeir Bjørkedal



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Tue Oct 03 2000 - 19:54:15 MET DST