Re: AKP, Mao og kofferter med kontanter

From: asgeirbj@student.sv.uio.no
Date: Mon Oct 02 2000 - 20:50:23 MET DST

  • Next message: Karsten Johansen: ""internasjonalismen" i EU"

    At 19:25 02.10.00 +0200, Karsten Johansen wrote:
    >At 19:13 02.10.00 +0200, Knut Rognes wrote:
    >...
    >>
    >>Jeg er fremdeles ikke blitt klok på KVJ's mening: synes han det er OK at
    >>USA bruker millionbeløp på politiske bevegelser for å fremme sine
    >>imperialistiske ambisjoner i Jugoslavia, ...
    >
    >Et forslag: begynn med å lese det jeg skriver.
    >Gjett så tre ganger.
    >
    >Karsten Johansen
    >
    >

    Eg er villig til å prøve, for eg har undra meg over det same som Knut
    Rognes. Eg er veldig glad for at eg får tre forsøk, for eg synes ikkje
    svaret har kome klart fram.

    1. Vanligvis ikkje, men Milosevics ondskap er såpass omfattande at
    eventuelle imperialistiske ambisjonar frå USA blir overskugga av den
    positive effekten ved å få jugoslavane til å skjøne at dei må velje ein
    anti-Milosevic.

    2. USA har ikkje imperialistiske ambisjonar på Balkan. Dei jobbar for
    demokrati, velstand og fridom for Jugoslavia. Det er Milosevic som står i
    vegen for dette.

    3. USA har imperialistiske ambisjonar med sin støtte, men mottakarane let
    seg ikkje styre av desse. Dei held fast på sitt sjølvstende og sin
    integritet og snyt USA for nokre hardt tiltrengte dollars.

    Asgeir Bjørkedal



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Mon Oct 02 2000 - 20:54:26 MET DST