Suksess for venstresida? (var: Ingen "blåmandag" for Europa)

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Fri Sep 29 2000 - 14:09:23 MET DST

  • Next message: Magnus Edgren: "Re: Til alle fanatiske EU-motstandere"

    anony (Oddmund Garvik) wrote:
    >
    > Alt er som vanleg med andre ord, og det er framleis like interessant å
    > observere det brunraude fellesskapet i den nordiske EU-debatten. (...)
    >
    > Ein skulle tru at venstresida i ein slik situasjon freista å finna
    > utvegar, og i større grad markerte seg i høve til det brune grumset. (...)
    >
    > Den sosialistiske ideologien er blitt synonymt med alt som kan foraktast
    > og rakkast ned på. Svaret kan ikkje bli ideologilaus virring frå sak til
    > sak. Venstrepopulismen er like avskyeleg som høgrepopulismen.
    > Venstresida sitt nei til EU er ikkje betre, eller annleis enn motstanden
    > på ytterste høgre fløy. Det er berre to sider av same sak. Kjerna i
    > motstanden er "våre interesser", den nasjonale "sjølvråderetten og anna
    > fiksfakseri. Allusjonar til "verkeleg" internasjonalt samarbeid på
    > venstresida ser ein diverre korkje spor, eller resultat av. Det at 400
    > norske rabulistar nyleg for til Praha, forandrar ikkje ein millimeter på
    > dette. Førebels.

    Kva er så di oppskrift på suksess for norsk venstreside? Skal vi gråte
    saman med storkapitalen i Danmark? Skal vi kaste oss om halsen på
    Jagland? Skal vi stikke av frå kampen når vi får "allierte" som vi ikkje
    har bede om? Eller skal vi stå oppreist mot makta i Oslo, Brussel og
    Praha, og slåst for det vi meiner er rett?

    I eit lesarbrev her om dagen skreiv ein nyvekt Hagen-tilhengar at FrP er
    til venstre for Ap, og derfor fortener støtte. Dette synspunktet er
    interessant. Innsendaren er ikkje rasist eller brun på nokon måte, men
    meiner ærleg at FrP er eit betre alternativ fordi dei vil bruke pengar
    på folk i staden for å spinke og spare. Folk ser at skular og helsestell
    er i forfall medan gråmarknadssvindlarar og Gutteklubben Grei ordnar seg
    feite fortenester. Hagen har greidd å gje inntrykk av at han iallfall
    vil gjere noko med den eine biten av dette.

    Mange tenkjer nok som denne innsendaren, som sikkert overser kva FrP
    elles står for. Utfordringa for venstresida må vere å fange opp slike
    folk. Oddmund Garvik kritiserer Aslak Sira Myhre, og utspelet hans var
    ikkje særleg vellykka, men han prøver iallfall.

    Lars Staurset



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Fri Sep 29 2000 - 14:12:13 MET DST