Ingen "blåmandag" for Europa

From: anony (tuxon@ifrance.com)
Date: Fri Sep 29 2000 - 13:23:04 MET DST

  • Next message: Oddmund Garvik: "Hoppsann!"

    Det finst då heller ingen krigstypar i avisene. Europa går vidare, og
    den fransk-tyske avantgarden er styrka på eit vis. Fiksjonen om eit
    Europa som går i takt i retning av større integrasjon og samarbeid, fekk
    vel eit lite puff alt i samband med Maastricht-striden. No kan denne
    ideen definitivt gravleggjast. Tanken om å konstituere ei
    "pionergruppe", ein "avantgarde", kanskje opprette ein føderasjon slik
    som Joschka Fischer har foreslått, og som Euroland er opptakten til, er
    legitimert av danskane sjølve. Det ironiske er at Danmark heile tida har
    vore motstandarar av dette perspektivet i redsle for å hamne i andre
    divisjon. Men danskane har ingenting dei skal ha sagt lenger. Ved å seia
    nei til å vera ein del av kjerna i det europeiske samarbeidet, Euroen,
    har dei diskvalifisert seg, og kan ikkje lenger hindre dei andre
    europeiske statane å gå vidare. Dei har sett seg sjølve utanfor, noko
    som i og for seg er respektabelt nok. Eit suverent val i ein suveren
    nasjon, osb.

    Danmark har aldri vege tungt i den europeiske vektskåla, og er no blitt
    enda lettare, sjølv om den nordiske narcissismen som avspeglar seg i
    pressa, bles opp denne folkeavstemminga. Ein må vakte seg vel for all
    overdriving. Det er korkje slutten på Euro eller Europeisk Union.

    Eg har vore borte frå forumet ei stund p.g.a. pc-problem og anna, men
    har visst ikkje gått glipp av så mykje. Den lokale heiagjengen til
    Milosevic held fram i det vanlege sporet. Nei til EU-talibanane går av
    støvleskafta i "sigersrusen" etter denne folkeavstemminga i Danmark...

    Alt er som vanleg med andre ord, og det er framleis like interessant å
    observere det brunraude fellesskapet i den nordiske EU-debatten. Dette
    fenomenet er som eg fleire gonger har peika på, heilt à part,
    forskjellig frå konstellasjonane i den europeiske debatten. At Pia
    Kjærsgaard eksklamerer: "nå er det nok", er "normalt". Ein høyrer den
    same lyden frå høgreekstremistar elles i Europa. Men at venstresida og
    deler av sentrum i nokre nordiske land hoppar i høyet med dei som ein
    skulle tru var erkefiendane, får håret til å reise seg. Når ein ser
    framgangen til den populistiske høgresida i dei same landa, trass i
    økonomisk vekst, rekordlåg arbeidsløyse og mangel på andre klassiske
    faktorar som må til for å kunne utrope syndebukkar, spreie hatpropaganda
    og koma med lettvinte løysingar, blir ein heller pessimistisk.

    Ein skulle tru at venstresida i ein slik situasjon freista å finna
    utvegar, og i større grad markerte seg i høve til det brune grumset. Men
    nei. I redsle for å støyte den delen av "arbeidarklassen" som ser manna
    frå himmelen i dei nye profetane, blir protesten nokså tannlaus og prega
    av taktikkeri. Nokre gonger utartar det til reint idioti.

    For nokre dagar sidan blei det i Klassekampen gjort eit nummer av at eit
    fleirtal i Sveits stemte ned eit forslag om å redusere innvandringa.
    Dette var sjølvsagt ikkje eit teikn på at sveitsarane er blitt mindre
    framandfiendlege (dei stemte som vanleg etter lommeboka og
    eigeninteresser). Klassekampen såg håp i resultatet av den sveitsiske
    folkeavstemminga. Sveits og Noreg liknar på kvarandre. Dei er båe reine,
    rike og kristelege land utan for mange svin på skogen, i alle fall om
    ein glattar over litt her og der.

    Skulle eit heilt perifert fenomen i sveitsisk politikk vera med på å fø
    fiksjonen om at ein ikkje er mot internasjonalt samarbeid (for
    isolasjon) og framandfiendleg sjølv om ein er mot EU? Ser ein nærare på
    røyndomen, ser ein sjølvsagt at det som pregar dei sørlege alpelanda og
    fjellandet i Norden, IKKJE er søking etter eit vidare perspektiv og auka
    samkvem med omverda. "Nei, det er isolasjonismen som rår: Borte bra (på
    ferie eller gamleheim i Spania), heime best!!! Nasjonalsjåvinisme
    innanlands og utanlands, og eit heilt disproporsjonert sjølvbilete.

    I Noreg er det Hagen som snakkar og som trekk opp linjene. I staden for
    å plukke den populistiske ideologien frå kvarandre, diltar deler av
    venstresida bakerst i det populistiske toget, og freistar til og med å
    skrike høgare, slik som RV-leiaren med det latterlege utspelet om gratis
    bensin. Med slike utspel marginaliserer venstresida seg, for slikt har
    ingenting med venstrepolitikk å gjera.

    Den sosialistiske ideologien er blitt synonymt med alt som kan foraktast
    og rakkast ned på. Svaret kan ikkje bli ideologilaus virring frå sak til
    sak. Venstrepopulismen er like avskyeleg som høgrepopulismen.
    Venstresida sitt nei til EU er ikkje betre, eller annleis enn motstanden
    på ytterste høgre fløy. Det er berre to sider av same sak. Kjerna i
    motstanden er "våre interesser", den nasjonale "sjølvråderetten og anna
    fiksfakseri. Allusjonar til "verkeleg" internasjonalt samarbeid på
    venstresida ser ein diverre korkje spor, eller resultat av. Det at 400
    norske rabulistar nyleg for til Praha, forandrar ikkje ein millimeter på
    dette. Førebels.

    Oddmund Garvik
     
    ______________________________________________________________________________
    Vous avez un site perso ?
    2 millions de francs à gagner sur i(france) !
    Webmasters : ZE CONCOURS ! http://www.ifrance.com/_reloc/concours.emailif



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Fri Sep 29 2000 - 13:26:17 MET DST