Privatiser eller dø!

From: asgeirbj@student.sv.uio.no
Date: Thu Sep 21 2000 - 22:12:29 MET DST


At 20:59 21.09.00 +0200, Karsten Johansen wrote:
>At 17:40 21.09.00 +0200, asgeirbj@student.sv.uio.no wrote:
>>Uvanleg informativ reportasje frå New York Times. I tillegg til å fortelje
>>om koffertar med kontantar som blir overlevert til den "demokratiske" og
>>"uavhengige" opposisjonen, bekreftar journalisten dei serbiske påstandane
>>om at meiningsmålingar i jugoslavia blir finansiert av USA.
>>
>>Kostunica seier at delar av opposisjonen "ubevisst arbeider for amerikanske
>>imperialistiske mål". Men med si tilslutning til det marknadsreligiøse
>>programmet utforma av G17, høyer Kostunica sjølv heime mellom desse.
>>
>
>Jeg kjenner ikke dette programmet. Men nesten alt bortsett fra ren nazisme
>må da være bedre enn Milosevitjs fascisme. Og pengestøtte til opposisjonen
>mot ham er å foretrekke for USAs bomber. Milosevitj som nylig har uttalt seg
>om opposisjonen slik:
>
>"President Milosevic called the opposition "rabbits, rats and even hyenas""
>
>(Fra BBC:
>http://news.bbc.co.uk/hi/english/world/europe/newsid_935000/935577.stm).
>
>Jeg skjønner ikke Bjørkedal annerledes enn at han støtter Milosevitjs
>morderiske
>styre.
>
>Kan han begrunne hvorfor? Det er ikke noe argument at andre også er
>morderiske.
>
>Karsten Johansen
>
>

Hei!

Eg må seie meg einig med Milosevic i at opposisjonen i Jugoslavia består av
så ulike kreaturar som rotter(f.eks Draskovic), kaniner(snille men litt
naive, flesteparten av dei opposisjonelle) og hyener (f.eks Djukanovic,
G17, Kostunica). Det betyr ikkje at eg meiner at Milosevic-regimet er så
veldig bra, men i den noverande situasjonen er eg ikkje lenger i tvil om at
Milosevic må vere det minste ondet.

Korfor meiner du det er grunn til å tru at Kostunica skulle stelle i stand
eit betre regime? På kva område skiljer han seg positivt ut frå Milosevic?

Vi snakkar her om ein person som fekk sparken frå universitetet i 1974 pga
av heftige protestar mot den nye desentraliserande grunnlova. Han meinte at
denne lovendringa, som om eg ikkje tek feil mellom anna oppretta den
autonome statusen til Kosovo, ville bli begynnelsen på slutten for
Jugoslavia. Kan vel vere at han fekk rett i det, sjøl om eg ikkje ser ein
slik samanheng. Grunnen til skepsisen, kan vel ha vore den "til dels mugne
nasjonalismen" som Kostunica representerer (Ljubisa Rajic sin beskrivelse).
Hashim Taci seier at Kostunica er meir ekstrem enn Milosevic når det gjeld
Kosovo.
Kostunica kritiserte også regimet for å hjelpe Bosnia-serberane for lite
under borgarkrigen der.
   
Så "Milosevics 4 krigar"-argumentet blir ikkje brukbart når ein trekk fram
Kostunica som alternativ. Han er meir nasjonalistisk enn Slobo.

Er opposisjonsalliansen meir fredeleg og demokratisk enn regimet? Korleis
har det seg i såfall at dei aller fleste attentata i Jugoslavia har ramma
regimet sine støttespelarar?
Er dei mindre korrupte? Det er det vel knapt nokon som torer å påstå, om
resten av alliansen og då blir kostunica berre ei hul fasade.
Opposisjonsalliansen er bygd opp frå utlandet, med openlyse natonaut som
Djukanovic, Djindjic og Dinkic i spissen, Kostunica har tilført alliansen
ei patriotisk og ukorrupt fasade som var sårt tiltrengt. Men det er berre
ei fasade, ein bløff.

G17 som har propagandert for ei "transition government of experts" (dei
sjølve sjølsagt), ei overgangsregjering som skulle ta over makta uten å
måtte gå igjennom plagsomme valg først. Noko som måtte vere ei forutsetning
hvis dei skulle kunne kome til makta, dei er en marknadsreligiøs gjeng av
økonomar bygd opp frå grunnen av fiendtlege makter, og med liten
veljarappell. Her har du den "demokratiske" opposisjonen. Demokratisk betyr
lydig mot vesten, på same måte som overgangsregjering betyr kupp.

Denne banden av kupplystne NATO-lakeiar er det som har utforma det
økonomiske programmet som Kostunica-alliansen har slutta seg til.
Her har du skiljet mellom Milosevic-regimet og opposisjonen: den økonomiske
politikken, Milosevic klamrar seg til økonomisk styring med nasjonal
kontroll. Opposisjonen svergar til markedets evangelium, med dollar og mark
som gudebilete.

Meir om temaet her:

http://www.emperors-clothes.com/analysis/scam.htm

Og her(denne har eg ikkje lese sjøl endå):

http://emperors-clothes.com/articles/chuss/1.htm

Asgeir Bjørkedal



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Sep 28 2000 - 11:01:31 MET DST