Re: EU-røysting hausten 2004

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Tue Sep 05 2000 - 08:03:22 MET DST


Olav Randen wrote:

> Ja- og nei-sidene har altså på sett og vis ei felles haldning til folkerøystingar: Folket bør spørjast til råds berre om folket gir det rådet dei vil ha.
>
> I denne situasjonen bør me EU-motstandarar heller gå offensivt ut, om mogeleg saman med demokratisk innstilte tilhengjarar. Det er demokratisk og fornuftig med rådgivande folkerøystingar, men ikkje å først leite fram tidspunktet der sjansane er størst til å få ønskt svar. Det er naturleg at ei folkerøysting bind styresmaktene ein del år, og då kan ti år vere eit høveleg tidsrom. Om ikkje ting oppstår i mellomtida som gjer spørsmålet om EU-medlemskap uaktuelt, bør folket difor spørjast på nytt seinhaustes 2004.

Olav har eit poeng her: Det å kunne bestemme tidspunktet fritt, er den
største taktiske fordelen ja-sida har. Forslaget til Olav vil redusere
denne fordelen og dermed minske sjansane for ny ja-siger. Sidan det
politiske apparatet rundt Stoltenberg, Jagland, Petersen og til ein viss
grad Hagen har full kontroll mellom folkerøystingane, har dei ingen
grunn til å gå med på noko slikt.

Men heller ikkje for nei-sida er dette noka grei sak. I forlenging av
tankegangen til Olav kan vi alt no foreslå nye folkerøystingar kvart
tiande år. Blir det nei i 2004, blir det kanskje ja i 2014. Eller
omvendt. - Kva sa du, er det ikkje muleg å melde seg ut att? Etter eit
ja blir det ikkje aktuelt å spørje fleire gonger? Synd, det...

Innmelding i EU er einvegskjøring. Eit ja bind oss på ein heilt annan
måte enn eit nei. Det ligg derfor inga "likestilling" i det å bestemme
eit tidspunkt på førehand. Går nei-sida med på det, så har ein også
akseptert at EU-tilhengarane skal få plage folket med dette heilt til
dei får viljen sin.

Derfor bør EU-motstandarane som før halde seg til sak, og ikkje kjøre
seg fast i taktiske diskusjonar. Det primære standpunktet bør framleis
vere at folket alt er spurt til råds! Medlemsskapsspørsmålet er avgjort
av folket, og det bør gjelde for lang tid framover, iallfall til det
hender noko avgjerande som vi ikkje visste om i 1994. Noko slikt har
ikkje hendt enno, og er ikkje i sikte dei næraste åra. Inge Lønning var
i Politisk kvarter i går inne på at folkerøystinga om monarkiet i 1905 i
grunnen gjeld enno, så slike tankar er ikkje fremmende på ja-sida
heller.

Når det er sagt, så er det ikkje ein open EU-kamp vi på nei-sida skal
vere redde for. Vi har eit godt mobiliseringsgrunnlag for eit nytt nei.
Utviklinga av unionen har stort sett gått slik nei-sida spådde, og som
ja-sida frenetisk nekta for den gongen.

Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Sep 28 2000 - 11:01:22 MET DST