EU-røysting hausten 2004

From: Olav Randen (boksmia@online.no)
Date: Wed Aug 30 2000 - 09:19:59 MET DST


Stoda no når det gjeld Norge og EU, er i korte trekk slik:

a) Regjeringa propaganderer for norsk EU-medlemskap, innalands og mest utanlands.

b) Regjeringa tilpassar Norge mest råd og er like lojal mot EU-reglar som dei fleste medlemslanda. Ein av tankane bakom er at når Norge har alle ulempene med medlemskapet, skal det bli fleirtal fordi folk då vil leggje større vekt på fordelen med å vere med og bestemme.

c) Regjeringa leitar etter det rette tidspunktet for ei folkerøysting. Stoltenberg seier at ei røysting blir ikkje halden før det er grunn til å tru ho gir ja-fleirtal. Med det seier han også at han vil spørje folket til råds berre om og når folket gir det svaret han vil ha.

d) Nei-sida snakkar om å slå ring om folkerøystinga i 1994. I opinionen blir det (langt på veg med rette) oppfatta som om nei-sida er redd folkemeininga og/eller manglar tillit til eigne argument.

Ja- og nei-sidene har altså på sett og vis ei felles haldning til folkerøystingar: Folket bør spørjast til råds berre om folket gir det rådet dei vil ha.

I denne situasjonen bør me EU-motstandarar heller gå offensivt ut, om mogeleg saman med demokratisk innstilte tilhengjarar. Det er demokratisk og fornuftig med rådgivande folkerøystingar, men ikkje å først leite fram tidspunktet der sjansane er størst til å få ønskt svar. Det er naturleg at ei folkerøysting bind styresmaktene ein del år, og då kan ti år vere eit høveleg tidsrom. Om ikkje ting oppstår i mellomtida som gjer spørsmålet om EU-medlemskap uaktuelt, bør folket difor spørjast på nytt seinhaustes 2004.

Altså om fire år. Korkje ja- eller neisida veit korleis folks haldningar er då. Kanskje vil marknadsliberalisme og urbanisme framleis dominere, og kanskje er det som ein av debattantane på dette forumet siterte Anders Heger: "Urbanisme vil ­ med kalenderens ubønnhørlige konsekvens ­ bli til forrige generasjons misforståelse, Erling Fossen vil bli like hipp som Lodin Aukland, det vil klebe noe underlig gammelmodig ved sushi og børstet stål, og de vil ønske de kunne reise på Fornebustranda med nistekurv og badebukse."

Blir det nei-fleirtal hausten 2004, er spørsmålet ute av verda for ei stund, kanskje til dess EU bryt saman. Blir det eit klart ja-fleirtal, må me motstandarar godta det. Blir det eit knapt ja-fleirtal, trengst grundigare diskusjonar om kva det bør føre til.

Olav Randen



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Sep 28 2000 - 11:01:19 MET DST