Re: Bygg landet! (Eller "radikal teknorealisme"))

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Wed Aug 30 2000 - 01:24:39 MET DST


Bjarne Naerum wrote:
> Hva KAN bredbånd bety for skolen? For nynorsken? For helsevesenet
> (tele-medisin osv.)? For byene? For distrikta? For Norges forhold til EU
> (bl.a. nært knytta til distriktas vilkår)? For avisene? For den politiske
> debatten? For drifta av kommunene? For ulike (gamle og nye) næringer?
> For Posten? Bankene? Butikkene? For den lenge venta netthandelen?
> For kulturlivet? Osv. Osv.

Kort svar, eg skal opp tidleg og blir borte nokre dagar:

Eg ser sjølvsagt mange potensielle nytteområde, og dei blir nok tekne i
bruk litt etter kvart. Dersom det hadde funnest ein plan, ikkje berre
for å byggje ut infrastrukturen, men også for å bruke offentlege pengar
på å skape eit ikkje-kommersielt innhald, ville eg ha vore noko mindre
skeptisk.

> Til slutt: Staurset fortsetter (fra ovenfor):
> >Sannsynlegvis er det også i strid med EØS-avtalen, noko som kanskje
> >er avgjerande for den norske regjeringa.
>
> Hvordan kan i såfall EU-medlem Sverige bruke offentlige milliarder på
> sin satsing og utbygging av bredbånd over hele landet?

Fordi utanforlandet er lydigaste gut/jente i EØS-klassen. Statsråd h.v.
Enoksen fekk stryk frå juristhald fordi han ville bruke offentlege
pengar på breiband, som EU ikkje definerer som basisteneste. Men at
dette argumentet er avgjerande for Stoltenberg-regjeringa, er
spekulasjon frå mi side. Å spinke og spare kan i seg sjølv vere minst
like viktig.

Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Sep 28 2000 - 11:01:18 MET DST