Maktspråk

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Mon Aug 14 2000 - 10:47:25 MET DST


Dette brevet sende eg tidlegare i dag til teigen@nrk.no, om eit tema som
har vore framme på KK-forum av og til:

> Til Språkteigen, NRK P2.
>
> Eg høyrer på Språkteigen så ofte eg kan, for språk interesserer meg både
> som verkty og som fenomen. Eit tema eg trur de ikkje har behandla, er
> maktspråk. Det er ei svært viktig og kontroversiell side av språket.
>
> I går (13. august) tok de m.a. opp den feilaktige bruken av "Europa" som
> synonym for "EU". Heilt korrekt påtala programleiaren dette, men utan å
> reflektere over samanhengen. Kvifor gjer visse personar så ofte denne
> "feilen"? Jau, EU-tilhengarane ønskjer utvilsamt å skape ei kjensle av
> at Noreg er utafor "Europa" og må komme seg inn i EU snarast råd.
> Språkbruken er tilsikta, ikkje "feil" i vanleg forstand.
>
> No til dags er også "Europa" for lite for somme. Dei snakkar om
> "globalisering", men meiner ikkje heile verda, berre dei delane som det
> lønner seg å investere i. Ordet har ein positiv klang, fordi folk likar
> å bli kjent med matrettar frå Indonesia og folkedans frå Brasil. Det
> same ordet blir med vilje nytta om noko heilt anna, nemleg å tvinge inn
> same handelsreglar overalt.
>
> Dette blir framstilt som "Utviklinga" som vi berre må bøye oss for. Dei
> som likevel er mot, har "nisseluementalitet" og blir stempla som
> "gammaldagse", "reaksjonære" eller "nasjonalistar". Det siste ordet blir
> også nytta om nazistar, og samanfallet er neppe tilfeldig.
>
> Desse eksempla på maktspråk er langt frå unike; EU-kampen i 1994 gav
> mange andre. Gro Harlem Brundtland hadde det mest mislykka forsøket, då
> ho prøvde å bortforklare "union" med at ordet også tydde "fagforeining".
>
> Maktspråk er ikkje noko nytt fenomen. George Orwell behandla temaet i
> klassikaren "1984", der han skreiv om nytale (newspeak). Karakteristisk
> for nytale er dels forenkla ordforråd og grammatikk, dels at orda tyder
> noko anna enn dei gjev seg ut for. "Sannhetsministeriet" driv med
> propaganda, "overflodsministeriet" med rasjonering. Det styrande partiet
> har slagorda "Krig er fred", "Frihet er trelldom", "Uvitenhet er
> styrke". Språket tilslørar røyndommen.
>
> Politikarar og byråkratar no er ikkje så plumpe som i "1984", men dei
> utviklar stadig maktspråket sitt. Soldatar som skal ut og slåst aktivt
> (ikkje berre overvake ei våpenkvile), kallast "fredsopprettande
> styrkar". I fjor ville ikkje dåverande statsminister Kjell Magne
> Bondevik vedgå at Noreg var med i ein krig; bomberegnet over Jugoslavia
> var ein "begrenset militæraksjon".
>
> Ordet "prioritere" vart kort drøfta i Språkteigen 6. august.
> Programleiaren godtok tolkinga "leggje vekt på", men utan å
> problematisere at den er tvitydig. Når politikarar snakkar om å
> prioritere ei god sak, f.eks. sjukeheimar, er det vanlegvis heilt
> uforpliktande: Dei snakkar om saka ("legg vekt på ho") fordi ho opptek
> veljarane, men vrir seg unna å bruke ekstra ressursar (prioritere saka
> opp). Saker som maktpersonar verkeleg synest er viktige, slik som høge
> lønner til seg sjølve eller skattelette til dei rikaste, går utanom alle
> lister over "prioriteringar".
>
> Det hender likevel at politikarane meiner alvor med å prioritere noko.
> Då er det viktig å lytte ekstra nøye, for dei prioriterer samstundes ned
> noko anna utan å snakke om det. I det siste landbruksoppgjeret skvisa
> dei deltidsbønder og yrkeskombinasjonar. Dette vart kalla å "prioritere
> heiltidsbonden". For nokre år sidan skulle lønnsoppgjeret "prioritere
> kampen mot arbeidsløysa", dvs. halde lønnene nede, ut frå den
> tankegangen at det ville gje arbeid til fleire. Det same fenomenet
> kallast no "solidaritet", jfr. "solidaritetsalternativet".
>
> Låg arbeidsløyse er bra i festtalane, men ikkje i den økonomiske
> planlegginga, fordi ho fører til at folk kan krevje høgare lønn eller
> betre arbeidsforhold. Derfor kallast ho "press" eller "overoppheiting" i
> økonomien.
>
> Alt som er "moderne", høyrest flott ut. Derfor blir ordet "modernisere"
> nytta til å spreie skodde rundt upopulære tiltak: privatisering av
> offentleg sektor, nedskjering av offentlege tenester, nedlegging av
> arbeidsplassar. Når store arbeidsplassar skal leggjast ned, kallast det
> "strukturendringar".
>
> Slike prosessar starta for fullt seint på åttitalet. Slagordet då var
> "ubalanse i økonomien". Det høyrdest sjølvsagt ikkje bra ut, sjølv om
> det var nokså vagt kva som ikkje "balanserte". Tiltaka for å "rette opp
> ubalansen" gjekk som no ut på å overføre verdiar og oppgåver frå
> fellesskapet til private.
>
> Politikarar og byråkratar er sjølvsagt ikkje åleine om å forme språket
> slik det passar dei. Næringslivsleiarar og "informasjons"-folka (sic)
> deira er også ekspertar på slikt. Andre aktørar prøver, men arbeider
> tungt, sidan maktpersonane stort sett har klippekort i media. Ein viss
> suksess har opposisjonen likevel hatt med ord som "matsminke" og
> "genmat", og siste ord er ikkje sagt i striden om gasskraftverk kan
> kallast "miljøvennlege" eller "sterkt forureinsande".
>
> Språket har stor makt over tanken, og kampen om språket er derfor ein
> viktig del av den politiske kampen. Eg håpar Språkteigen vil kaste lys
> over dette, og skal gjerne skaffe fleire eksempel.

Frå Einar Bjorvatn kom eit hyggeleg svar. Han nemner at Språkteigen har
vore innom temaet maktspråk med ujamne mellomrom, men ikkje hatt
ressursar til å ta det opp i full breidde. Frå nyttår skal programposten
omorganiserast, og kanskje han får meir hjelp til å lage programmet, så
kanskje då?

Eit så kontroversielt tema kan sjølvsagt bli stoppa av heilt andre
grunnar enn ressursmangel. Det vil utvilsamt vere til hjelp om temaet
blir halde varmt i andre kanalar. Kan KK og KK-forum bidra til det?

Helsing Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Sep 28 2000 - 11:01:12 MET DST