Re:_Er_det_vanskeleg_å_læra_eit_

Erik Haugan (erik.haugan@nynorsk.no)
Tue, 22 Sep 1998 15:51:36 +0200

Eg har ikkje fylgt so nøye med på KK-forum i det siste, men no har eg
sete meg ned og lese gjenom språkdebatten som har gått ei tid.

Eg tykkjer Knut Johansen argumenterer overtydande for synet sitt. Eg er
rett nok ikkje sikker på at alle skriftspråk er like lette å læra,
ein må nok til dømes stilla visse krav til morsmålsnærleik.
Kinesisk skriftspråk kan nok vera greitt for ein kinesar, men neppe for
ein nordmann. Men eg trur at det er om lag lite lett for ein nordmann å
læra bokmål og nynorsk i ulike variantar. Dansk og svensk skulle nok
ogso gå heilt greitt å læra for ein norskspråkleg unge, i alle fall
når det gjeld skrivemåtar og bøyingsverk (som er det det har vore
ordskifte om her).

Kva er so det norske språkspørsmålet for noko? Der er eg endå ein
gong samd med Johansen: Målreisinga (kampen for nynorsk) er fyrst og
fremst eit norsk nasjonsbyggjingsprosjekt. Men i motsetnad til Johansen
meinar eg at det er eit fornuftig prosjekt. Lat meg taka eit døme:

Fredrikstadmålet vert rekna som eit av dei aller styggaste målføra
her i landet, serleg er det kjend for dei breie æ-ane i bilær og
båtær som bråkær og tutær. Med nynorsken kan me syna at dette
ikkje er uttalefeil av bokmålet, det er ikkje biler og båter som
bråker og tuter, det er bilar og båtar som bråkar og tutar. Guttær
og jenter er det same som nynorsk gutar og jenter, og med eitt har me
fått ei forklåring på eitt av dei mest vulgære talemålstrekka.
Det er ikkje feil bokmål, det er rett norsk! Jamvel om nynorsken ikkje
beint fram fell saman med fredrikstadmålet, og jamvel om ein på sett og
vis kan skriva meir dialektnært til fredrikstadmål med radikalt
bokmål enn med nynorsk, kan ikkje bokmålet atterreisa vyrdnaden for dei
norske draga i målet, nett dei draga som gjerne vert sett på som dei
mest vulgære.

I den antinasjonale samtida me lever i er det meir naudsynleg enn nokon
gong å slå attende nedvurderinga av alt som smakar av bygder og norsk
kultur, det vil seia alt som ikkje kjem frå Oslo eller utlandet.

Erik Haugan