Re: Lydskrift? (Syns meg her og syns meg der)

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Thu, 17 Sep 1998 16:11:25 +0200

Knut Johansen wrote:

> Her følger noen lister som burde sette oss på sporet av forholdet mellom
> skrift og tale i fransk:
>
> la, l'a, l=E0, l'as
> cou, coup, co=FBt, couds, coud
> ver, vers, vert, verre, vair
> cent, sang, sans, sens, sent
>
> Disse ordene uttales altså likt (i hver linje altså), men skrives
> forskjellig. Har Staurset lyst til å kommentere dette?

Det er bra at nokon gjer grundig arbeid her. Kanskje eg har teke feil av
fransk skriftleg, at det "vert verre" enn eg trudde når ein lærer det
med basis i munnleg morsmål. På norsk gymnas i 60-åra lærte vi det andre
vegen; vi starta med skriftspråket, og då vart uttalereglane relativt
enkle.

Lista til KJ styrkar poenget til Olav Randen (og indirekte mitt, i
hovudsaka om vanskelege skriftspråk). OR skriv i
http://www.itk.ntnu.no/ansatte/Andresen_Trond/kk-f/fra250698/0468.html:

> Fransk er kanskje det tydelegaste dømet. Folk med overblikk og innsyn i
> franske forhold fortel om slitet med å lære seg skrift. For det franske
> skriftmålet fekk si form alt på 900-talet, endringane etterpå har vore
> ørsmå, og talemåla, både dialekttale og standardisert tale, har utvikla seg
> stadig lenger vekk frå skriftmålet. I ei lærebok i ortografi (Benveniste og
> Schervel: L´ortogrape) les vi: "Elevane lærer seg å lese i skolen, men
> ikkje verkeleg å skrive, berre å skrive av. Dei einaste som lærer seg å
> handtere språket, og som vågar å gjere det, er dei som held fram med studia
> så lenge at dei ikkje berre lærer staving, men også uttrykksforma,
> setningslæra og fraseologien i skriftspråket. Trass revolusjonane og
> folkeskolen blir kunsten å skrive verande eit klasseprivilegium." Jan
> Myrdal, som har lengre opphald i Frankrike bakom seg, har skrive mykje om
> det same. Han bruker den svenske statar- og proletarlitteraturen i
> mellomkrigstida som døme på korleis småkårsfolk greidde ta i bruk og gjere
> til sitt det svenske skriftmålet, medan fransk litteratur berre blir
> akademisk salonglitteratur fordi fråstanden mellom folks liv og skrivinga
> er for står.

Har Knut Johansen lyst til å kommentere dette?

Lars Staurset