Re: Enda mer om skriftspråk

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Thu, 10 Sep 1998 09:26:09 +0200

Jon Hareide Aarbakke wrote:
>
> Det ser for meg ut som om man har to tema som blandes -
> a) skriftspråk som lydkode
> b) avstanden mellom egen dialekt og normert skriftspråk

Desse temaa må ein nok halde frå kvarandre somme gonger, men dei heng
også saman. Sjølv kjenner eg berre nokre alfabet-baserte skriftspråk.
Lydkodinga der er mangelfull, både fordi alfabetet har for få bokstavar
til å representere alle lydane, og fordi ulike dialektar har ulike
repertoar av lydar (på søre Sunnmøre skal dei ha noko slikt som sju
ulike e-ar).

Dialektane er kvar for seg fullverdige talespråk med grammatikk og
lydsystem. Så lenge dei ikkje er altfor ulike, kan - og bør - eit godt
skriftspråk avspegle mest muleg av variasjonen i dialektane. Dei lydane
som er representerte med bokstaven 'e' i ein dialekt, kan vere andre enn
i ein annan dialekt, men begge kan kjenne seg heime i det same
skriftspråket.

Lars Staurset