Malaysia og den frie flyten

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Fri, 04 Sep 1998 13:49:37 +0200

Trond Andresen wrote:
>
> Nedenfor er gjengitt i sin helhet et oppslag fra Klassekampen i går om
> Malaysiske tiltak for å få styring på kapitalbevegelser som involverer
> valutaen deres, ringgit. Landet prøver nå å gjennomføre
> begrensninger på kapitalens frie flyt.

Forstår eg dette rett, så er det snakk om nokså sensasjonelle tiltak,
sidan dei går i feil retning for fri-flyt-profetane, og dessutan kjem
frå eit av dei landa som skulle vere utstillingsvindua deira. Kjem
fleire land til å følgje etter? Er dette eit signal om at det rådande
systemet renner hovudet mot veggen? Eller går det over att etter nokre
månader?

KK bør sjølvsagt hive seg over desse spørsmåla og vinkle dei skikkeleg,
og har kanskje gjort det, for alt eg veit. Meir påfallande er det at
Dagens Næringsliv ikkje omtalar saka i dag. I går var det ein liten,
bortgøymd notis med fokus på det politiske bråket i Malaysia. Er dette
ei pinleg sak for Næringslivet?

Lars Staurset