SV: KK, damer&KK-forum - og diskusjonen om dette...

Filip Stokkeland (filip@online.no)
Wed, 02 Sep 1998 11:55:17 +0200

On 01.09.98, at 16:17, Sonja Tinnesand wrote:
>Tull og tøv, Filip. Selvsagt kan alle som har deltatt i en prosess, kunne beskrive den etterpå.
>Det er noe helt annet enn å gi seg selv bestemte kvaliteter, som "bryr oss om korleis folk har det"
>eller lignende. Det å ha befunnet seg på venstresida er et faktum, ikke en kvalitet.

Det er like fullt ikkje *argumentasjon* -- det er ein freistnad på å gjera si eiga oppfatning objektiv.
Konspirasjonsteoriane til Trond er like lite eit faktum som *alle* på venstresida kan sjå som det mine
tolkingar av utsegnene til Trond er det. Dessutan ekskluderer uttrykket "alle" ganske mange frå
venstresida. Men det er for øvrig ikkje eit stort spørsmål.

>Trond er sikkert i stand til å svare for seg selv, men jeg vil gjenta at jeg er meget uenig i din beskrivelse
>av hans stil. Hvis du forøvrig skal følge dine egne krav på å ta folk for det de skriver, kan du ikke drive
>og *definere* hva Trond ønsker eller ikke - da må du forholde deg til hva han *sier at han ønsker*

Nettopp. Og nett difor gjer eg det. Eg tolkar det han skriv inn i ei råme for so å presentera kva eg oppfattar
som motiva hans, og kva han *eigenleg* ynskjer. Det *understrekar* poenget frå kritikken min. Det er kan
henda sleipt, men Trond har jo faktisk sagt at han ikkje er interessert i å diskutera dette -- i alle fall ikkje
med meg og mine like, og då er det ikkje lett å forhalda seg til det han "sier at han ønsker". Han har ein
konspirasjonsteori som omfattar meg som individ, og som han ikkje ynskjer å diskutera. Då vert det lett
goddag-mann-økseskaft ...

Berre for å ha sagt det nok ein gong: Mesteparten av det Trond, Karsten *og andre* skriv, held ein grei
tone, og er ofte både interessant og lærerikt. Kritikken gjeld dei innlegga der folk "tek av" og det saklege
innhaldet druknar i personåtak og psykologisering.

-F-