Kulturell kvalitet

Filip Stokkeland (filip@online.no)
Fri, 31 Jul 1998 11:18:27 +0200

I Klassekampen 23. juli 1998 hadde Marian Rui Slettebakken ein kronikk med tittelen "Ubehaget i kulturen". Ho har mange gode poeng, og eg er i all hovudsak samd med ho, men eg ynskjer å gripa fatt i noko av det ho skriv i avsnittet med tittelen "Vi må tørre å mene".

Ho argumenterer for at me må tora å uttala oss om kulturell kvalitet, og den konkrete kritikken ho kjem med er: "Vi må tørre å si at visse kulturprodukter stimulerer til refleksjon, kritisk tenking og distanse, mens andre først og fremst er ment som avkopling og flukt fra hverdagen. Vi må ha mot til å hevde at lett underholdning som såpeoperaer og infotainment ikke bidrar særlig mye til at folk skal bevisstgjøres til samfunnskritikk og tro på forandring."

Dette er eg samd i, men eg ynskjer å problematisera og utdjupa kritikken. For det fyrste føreset argumenta ovanfor ofte at me fyrst må argumentera for at samfunnskritisk tenkjing og (tru på) endringar er viktig. Elles vil ikkje kritikken ovanfor nå fram. Det er viktig å påpeika at den vanlege underhaldninga stort sett er sløvande, og at det heile er svært kommersielt og innhaldslaust. Du kan nok nå fram til ein del med slik kritikk, men eg trur det er viktigare at me analyserer og kritiserer *innhaldet* -- haldningane og ideologien(ane) i desse kulturprodukta.

Me må gå til åtak på kjønnsrollemynstera som vert dytta på oss gjennom musikk-, fjernsyns- og filmindustrien. Likeeins på me syna korleis underhaldningsbransjen formidlar at lukka er å vera kvit og rik. Me må få fram korleis desse kulturhegemonistane styrer liva våre: Dei set ideala våre, formar synet på oss sjølve, og attpåtil spreier dei ein idé om at me alle er so frie og har det so flott. Dei gjer det vanskeleg å strida for andre ideal, for sunne ideal.

Eg skal ikkje tværa det ut lenger, men eg meiner altso at me ikkje berre må nøya oss med å kritisera generelle trekk ved kulturen, med må gå konkret til verks og reisa striden om ideala som vert formidla gjennom kulturen. Trond Andresen har byrja bra med å kritisera den "postmoderne" haldninga til medievald. Eg meiner t.d. at det er gale av revolusjonære å halda fram filmar som Pulp Fiction som "kultfilmar". På same måten meiner eg at revolusjonære i Vål'enga-klanen bør ta opp kampen *mot* slagord som "Øl og vold og skamslåtte bønder!". Eg meiner ikkje at me skal verta reine og "heilage" moralistar, men dersom ikkje me tek opp kampen mot formidling av reaksjonær ideolgi gjennom kulturen, kven skal då gjera det?

-F-