Om sitatbruk i ordskifte

Pel Hellesnes (paal@feskar.net)
Wed, 29 Jul 1998 16:05:26 +0200

Arne Eriksen tek kraftig til motmæle mot nokre av Martin og David sine
synspunkt om debattkultur sitatbruk. No skal eg ikkje
her og no seia mykje om den generelle ordskiftekulturen, men litt om
studier og sitatbruk.

Sjølvsagt kjenner ikkje Eriksen bakgrunnen for M/D sin argumentasjon, av
di han ikkje er med i RU, og derfor ikkje
kjenner dei indre motseiingane om dette. Eg meiner at M/D generaliserer
litt for mykje, men at dei tek opp eit heilt
legitimt poeng. For at Eriksen (og andre) skal vita meir om kva M/D
snakker ut frå, skal eg seia litt om korleis dette har
kome opp i RU-samanheng.

I RU driv vi (m.a)med politiske studier. Ikkje nok etter mitt syn, men
uansett. Eit problem for ein såpass "ung" organisasjon
som RU (i 1991 var RU så og seia borte, med omlag 50-60 medlemmar. Frå
då av har det berre gått oppover...) er at det er
få godt skulerte folk. I sær var det situasjonen for omlag 3 år siden.
Når det generelle teoretiske nivået er lågt, opnar det for
at folk (stort sett gutar) kan få høg status om dei har lest litt, og
kan sitera det dei har lest så det verker som om dei kan MYKJE. Det er
vanskeleg for ei 14 år gamal jente (eller gut for den saks skuld) å seia
mot ein 5 år eldre gut som kan slå i bordet med at "dette har Lenin
sagt", sjølv om jenta/guten gjerne kan ha rett. Dette har ein del eldre
gutar i RU nytta for å skaffa seg status internt, noko som naturleg nok
fører til kraftige motseiingar. Ingen liker "lerarmentalitet". Dette har
vi teke eit oppgjer med internt, noko eg meiner var heilt rett.

Det finnes forskjellige typer sitatbruk - ein kan nytta sitater for å
seia noko som andre har sagt betre før, eller ein kan nytta sitater for
å få status. Eg meiner at begge dele skjer på KK-forum. Min generelle
leveregel er at om mogleg, nyttar eg ikkje sitatar. Om eg meiner noko,
kan eg freista seia dette sjølv, på min eigen måte, eg treng ikkje stø
opp meiningane mine med at andre har sagt nett det same. (MEN, om eg
direkte siterer folk, og så ikkje seier at eg gjer det, er det
intellektuelt uredeleg)

Det er mykje psykologi i dette, det heng nøye saman med politiske
rørsler sitt forhold til "klassikarar". Klassikarar er gjerne nett det
av di dei har gjort og skrive mykje bra. Men det at ein person har tenkt
mykje lurt tyder ikkje at alt han/ho har skrive naudsynleg er rett, men
det er ofte vanskelegare å gå hardt ut mot. T.d. om Arne Eriksen seier
at arbeidarane under kapitalismen vert utbytta, er det stort sett mykje
enklare å vera usamd med han enn om han seier "Som Marx sa, er
arbeidarane i det kapitalistiske samfunnet utbytta." For kven er vel eg
eller den tidlegare nevnte 14-åringen til å kritisera Marx?

(No meiner eg at denne haldninga til "autoritetar" i bunn og grunn er
reaksjonær og bør vekk, men det tyder ikkje at eg kan drita i at det er
slik folk oppfattar det.)

Dette handlar og mykje om intellektuell sjølvtillit. Det er ein
kjensgjerning at gutar stort sett har mykje meir enn jenter av nett
dette, og er ikkje like ofte redde for å seia seg usamd med kven det
skal vera. Nett her lig M/D sitt poeng. Spørsmålet om sitatbruk er ikkje
eit kjønnsnøytralt spørsmål, like lite som det er eit klassenøytralt
spørsmål. Er det til dømes nokon som tror at arbeidarar og akademikarar
stiller likt i slike ordskifte? Hovudpoenget er at det må vera eit mål
for debattantane at flest mogleg kan vera med på ordskiftet. Det tyder
IKKJE at "høgtsvevande" ordskifte skal bannlysast, berre at ein bør
tenka litt pedagogisk når ein skriv, så ein når fram med det ein har å
seia.

Når det gjeld ordskiftekulturen generelt her på KK-f, er eg sterkt
kritisk til mykje, men det får ligga til ein seinare gang.

Kameratsleg helsing

Pål Hellesnes