KK-forum som såpekasse=3F

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Wed, 22 Jul 1998 13:23:38 +0200

Eit par kverulantar er ikkje nok til å knekkje KK-forum. Det hender at
eg skummar gjennom innlegga deira, og dei har faktisk interessante
synspunkt og kjem frå miljø som kunne tilføre forumet noko. Lydersen
trur han blir oppfatta som "en tragisk tulling" fordi han "studerer
russisk hovedfag og går inn i NKP", men då har han misforstått totalt.
Hadde han berre reindyrka poenga sine og skore vekk orddiaré og massive
sitat, så hadde han vore populær her. Det same gjeld "broren".

Dersom KK-forum er i fare, er det heller fordi det ikkje foregår
interessante debattar her. Dette er normalt for årstida, men rettar seg
nok når folk kjem tilbake frå ferie. Så seint som for to veker sidan
diskuterte folk ivrig om sosialisme-visjonar m.m., og det må vel vere
noko av det viktigaste dette forumet kan ta for seg. (Eg skulle gjerne
ha vore med, men rakk som vanleg ikkje å få ferdig innlegget mitt før
debatten var over.)

Skulle det likevel gå slik at forumet døyr av mangel på interesse, så
viser det vel at det ikkje er bruk for forumet. Det er trist i seg
sjølv, men som kriseteikn for venstresida er det verre.

Lars Staurset