Meir_om_kontantstøtte-ordninga

Olav Randen (boksmia@online.no)
Tue, 14 Apr 1998 18:54:03 +0200

Anders Ekeland innvender mot eit innlegg eg tidlegare hadde på dette
forumet om kontantstøtteordninga. Ordninga vil presse kvinner som no er i
jobb, tilbake til kjøkkenbenken, skriv han og bruker som døme sin eigen
huslyd, med inntekter på 270 000 og 300 000 i året og utgifter til
barnepass på 7800 kroner i månaden på det meste, altså 16 % av bruttolønna.
Det er ikkje spørsmål om eit val, men om kvinnefiendtleg tvang, meiner han.

Før eg skriv vidare, finn eg det naudsynt å presisere at eg ikkje lenger er
småbarnfar og difor ikkje midt oppe i dette, at eg i augneblinken ikkje har
tid til å kryssjekke argument og fakta og at eg difor er open for at eg kan
gjere feil. Både det førre og dette innlegget er for å prøve ut ein
argumentasjon, slik eit internett-forum gjerne kan vera. Det er bra at
Ekeland innvender, men skuffande at Jorun Gulbrandsen (som eg i hovudsak
argumenterte mot) og dei andre som kallar kontantstøtteordninga det største
åtaket på kvinner etter krigen, korkje forsvarar seg eller trekkjer attende
dei store orda.

Men nei, eg forstår ikkje dette, Anders Ekeland. Eg ønskjer støtte til alle
småbarnforeldre og tykkjer det er meiningslaust at dei som vel offentleg
barnehage, ikkje skal få. Men eg forstår ikkje at det at dei av dykk
småbarnforeldre som ikkje har tilgang til offentleg barnehage eller der
mora (eller faren) vel å vere heime med eittåringen, får betra økonomien
med 36 140 kroner, skal fortene orda kvinnefiendtleg tvang.

Eg ønskjer som du gratis barnehageplassar til alle barn. Eg trur at dei
fleste småbarnforeldre for sin eigen del og for samfunnet sin del bør vere
i arbeidslivet. Men der du vil ha reglar og ordningar som tvingar dei til å
vere der, ser eg gjerne at dei også kan velje å vere heime det året ungen
er eitt år. I Noregs situasjon med nokre få prosentar arbeidsløyse vil eit
slikt valhøve presse arbeidsgjevarar til å gje betre løn og arbeidsvilkår.
Slik at dei må lokke folk inn i arbeidsplassane og ikkje kan bruke dei
økonomiske vanskane dei elles ville hamne i, som brekkstong for å få dei
dit.

Dette kan eg, når eg får betre tid, skrive meir om. For eg tykkjer at attom
tenkinga til mange av oss venstreekstremistar ligg eit grunnsyn om at folk
er like eller skal gjerast like og må tildelast rammevilkår slik at dei vel
likt. Det er arven frå tidlegkommunismen. Den refererte artikkelen til
Jorun Gulbrandsen i Røde Fane er eit ekstremt eksempel. Folk SKAL jobbe,
for det er best for dei same kva dei sjølve meiner. Men me har ikkje
patentløysingane som fungerer for alle og i alle situasjonar. I ei verd som
må famle seg vidare, må me gje rom for ulike tilpassingar og løysingar. Som
at somme foreldre vil ha ungane sine på institusjon frå dei er ørsmå og
andre vil ha meir å gjere med dei sjølve.

Men samfunnet og spesielt Kr.F. gjennomfører eit hemntokt mot
kvinnefrigjeringa med å presse kvinnene attende til kjøkkenbenken, meiner
Ekeland. Nei, Ekeland, no er du ein grunn analytikar. Det stadiet i
kapitalismen der kvinnene var heime og karane i arbeid, er forbi. Moderne
kapitalisme vil ikkje sleppe frå seg dei ressursane mange kvinner utgjer og
den inspirasjonen det er for menn å ha yngre kvinner rundt seg på
arbeidsplassen. Derimot kan dei ikkje hindre dei i å bli gravide. Difor
treng dei ordningar som sikrar at dei yngre kvinnene, Siri Kalvig, Gro Holm
og alle slike, kjem attende i arbeidslivet etter fødslar. Det er noko anna
no når dei fleste kvinner nøyer seg med to ungar enn den tid dei fekk ti og
vart utslitne og lite attraktive.

Sjå på arbeidsfordelinga i land med stor arbeidsløyse, som Frankrike og
Tyskland med færre kvinner i arbeid dei siste tiåra enn hjå oss. Eldre
kvinner og menn og ungdommar med lite av evner, utdanning eller tiltak går
ledige, men unge, evnerike småbarnmødrer kjem på A-laget.

Attende til norske småbarnmødrer: Det er dei etablerte i fast arbeid og med
brukande lønn som argumenterer mot kontantstøtteordninga. Men fire av fem
norske kvinner, truleg også minst fire av fem småbarnmødrer, tener under
200 000 kroner. Mange småbarnmødrer er i deltidsarbeid, i usikkert arbeid,
i utdanning eller utan arbeid. For stordelen av desse er ikkje offentleg
barnehageplass eit alternativ i det heile. Difor er berre ein brøkdel av
eittåringane i barnehage. Jorun Gulbrandsen skriv 2 % og 1100 ungar. Men
for stordelen av dei som tener lite eller ingen ting, er heller ikkje
utvida svangerskapspermisjon noko å hoppe i taket for. Greitt nok for
Ekeland med ektemake, som får 80 % av 270 000 eller 300 000 etter kven av
dei to som vel å vera heime, men ikkje for arbeidsledige NN utan utdanning,
som må trygle sosialkontoret om pengar.

Men det å få 36 140 kroner ekstra som statleg støtte for at dei gjer sin
del av jobben med å reprodusere samfunnet, set dei i ein langt gunstigare
situasjon.

Eg kan som sagt ta feil og har ikkje full innsikt i problemfeltet og ikkje
tid til å setje meg betre inn i det akkurat no. Men i mine augo ser det
slik ut at dei som kjempar hardast mot kontantstøtte, er ei gruppe
etablerte kvinner (og menn) som prøver å overføre sin situasjon på alle.
Med det resultatet at dei som har langt sterkare personlege grunnar til å
protestere mot samfunnet og gjere opprør, vender seg unna. For desse
framstår det slik at her er det ein overklasse av velsituerte kvinner (og
menn) som ikkje unner dei det vesle kakestykket dei no ser framfor seg.
Kjekt for Hagen og Svarstad Haugland, men ikkje for oss som helst ser at
folk går til venstre.