Re: fortell litt om salg av aviser og aksjer

Filip Stokkeland (filip@online.no)
Sat, 11 Apr 1998 17:55:44 GMT

Erik Ness skreiv:
>Et ønske og en oppfordring til KK-Forums debattanter:
>Fortell litt om salg
>av aviser og aksjer!
>Forumet er svært egna også til å utveksle og inspirere
>i støttearbeidet for Klassekampen - avisa som er vårt felles anliggende i
>dette forumet.

Me i KKs venner i Drammen har hatt sal av aviser kvar laurdag det
siste halvåret. Det går om lag 15 aviser kvar laurdag no på hausten og
vinteren. Om sumaren går det glatt 20.

Buskerud har ein målsetnad på å selja 75 aksjar, og me har til no kome
til over 50, medrekna munnlege løfte. Dersom folk i resten av fylket
gjer ein jobb, kjem me nok over dei 75. Grunnen til suksessen er nok
at me sette ned ringjegrupper på det opne møtet me hadde, noko som har
gjeve svært bra uttelling.

Elles driv me og arbeider for at folk i området skriv om lokale saker
til KK, m.m.m. God påske!

-F-