Gjer noko, kranglefantar!

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Fri, 03 Apr 1998 16:12:00 +0200

I staden for å bruke all energien på kvarandre, bør no kranglefantane
her på forumet (ingen nemnt spesielt...) gjere noko som monar. Trygg
mat-alliansen treng folk til å samle underskrifter, arrangere møte og
organisere kampen vidare. Skal du reise bort i påska, så få med deg
underskriftslister (ja, eg veit at oppfordringa kjem seint, eg har sjølv
vore borte nokre dagar).

Veit du ikkje om arbeidet er starta i kommunen din, eller kven som driv
det, så kontakt ein av dei organisasjonane som er med. I Møre og Romsdal
er det Nei til EU, Miljøheimevernet, Veterinærforeningen, Bondelaget,
KrF og SP som er mest aktive, men vi har også med oss Kvinne- og
Familieforbundet, Nasjonalforeningen for Folkehelsen, Bondekvinnelaget,
Bonde- og Småbrukarlaget, Naturvernforbundet, SV, RU og LO lokalt. Merk
at dette engasjerer langt utanom den vanlege nei-sida.

Trygg mat opptek svært mange, og EØS-utvidinga er ein fare for
folkehelsa. Kvar skal vi stoppe skli-ferda inn i EU, om ikkje her?

Lars Staurset