Re: Telepolitikk og slegge

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Sun, 29 Mar 1998 18:43:30 +-200

Til Geir Hem og andre interesserte:

Når eg skriv "gode gamle Hem står klar med slegga" er det minst like ironisk meint som når du skriv "gå hardt ut". Men det er jo ikkje alle som forstår ironi...

Eg kaller ikkje mitt syn avantgardistisk. Eg skreiv: ".... Men KK skal
jo vera lit avant garde, då..." Dette var meint som humor, eg tek til etterretning at ikkje alle oppfatta det som humor.

Når det gjeld å stå på line med SV: At eg gjer det har du dekning for i sånn cirka EIN setning i EIN kommentar, der eg til og med skreiv "kan henda", for å stilla det meir som eit ope spørsmål, dette med om ikkje fri kapitalistisk tevling er betre enn fritt kapitalistisk monopol. Slike spørsmål er det lov å stilla, og gjerne utan at ein skal stå skulerett for nokon på KK-Forum etterpå. Synest no eg.

Journalistikken og kommentarverksemda vi/eg har drive i KK bortsett frå denne "kan henda"-formuleringa i DEN EINE kommentaren trur har vore alt anna enn Inge Myrvoll-inspirert. Tvert imot, vi har avslørt Myrvoll ("Der blingsa vi", som han sa om telelova) og ligge heilt i forkant i norsk presse når det gjeld å ta opp fylgjene av teleliberaliseringa, og vi har freista stilla både SV og Sp til ansvar for standpunkta sine. Vi har òg gjort ein god del journalistikk på raseringa av Posten.

Eg blir trist når Geir Hem aldri skriv noko positivt om denne klåre endringa i KKs journalistikk, men berre freistar laga ein viktig politisk motsetnad utav lite meir enn ingenting. Ferdig med det.

Magnus Marsdal