Re:_Om_det__å_se_fremover

Paal Hellesnes (paal@feskar.net)
Mon, 30 Mar 1998 11:25:45 +0200 (MET DST)

Du gjer det unødig vanskeleg for deg sjølv, Arne. Eg kan truleg stø deg i
din kritikk mot at ditt innlegg ikkje kom inn før det var uaktuelt, men eg
har liten tru på at du når fram med han så lenge du held fram med å påstå
at det er AKP som nekter kritikarar å koma til orde, og ikkje redaksjonen.
Om det er feil med avisa i dag, er det redaksjonen, og Jon M. skytset skal
rettast mot, ikkje AKP. Tror du verkeleg at AKP har ork/tid/krefter til å
lesa gjennom innlegg til avisa og sensurera dei? Tror du at dei er dum nok
til å gjera det, med tanke på kor dårleg dette vil virka for tilhøvet
mellom AKP og redaksjonen?
Kritiser i vei, Arne, men rett kritikken mot dei som i røynda er
ansvarlege!

Paal Hellesnes
Personsoekar: 96 84 78 06
Finger paal@feskar.net for PGP-nøkkel