Professor_Sørenssen_motsies

Trond Andresen (t.andresen@uws.edu.au)
Tue, 24 Mar 1998 11:05:58 +1000

Professor Sørenssen motsies
************************
Jeg henviser til diskusjonene i januar, utløst av min kritikk av Kari
Andresens omtale i KK av et voldelig dataspill. I denne debatten hevdet jeg blant
annet at det på film og andre estetiske fag ved universitetene, er en
sterk tendens med at studentene er fascinert av film med "vold og acton som
estetikk". Dette ble avvist av filmprofessor ved NTNU, Bjørn Sørenssen, som
mente at dette ikke var noe framtredende fenomen.

Klippet nedenfor er fra KK mandag. Denne studenten ved hans institutt
har tydeligvis en annen oppfatning enn Sørenssen.

Trond Andresen

>- Filmmiljøet i Noreg er veldig lite, i Trondheim er det enno mindre og det
>er dominert av sjølvopptekne, pretensiøse menn som skråsikkert hevder at
>sånn og sånn er film. Under Minimalen Kortfilmfestival førre helg, vann
>filmstudenten og freelance fotografen Ole Martin Hafsmo (22) fagjury-prisen
>for beste film. Juryen vart overtydd av Hafsmo si naivt sjarmerande og
>ødipale historie om ein særs morslojal son. I grunngjevinga for tildelinga
>la dei vekt på at det er godt å sjå filmar som "Til mamma våkner", som vil
>formidla ei god historie og kor eit komplisert tema blir formidla på ein
>enkel og liketil måte. Klassekampen har snakka med prisvinnaren, som ikkje
>er i tvil om at film er det han vil arbeida med i framtida, men han er ikkje
>redd for å kritisera det miljøet han sjølv er ein del av. Hafsmo tek til
>motmæle mot sine medstudentar og kolleger og seier han laga vinnarfilmen på
>trass. - Eg ville laga ein film som både kunne røra folk og ha ei litt
>djupare meining, seier han. "Til mamma våkner" er ein eksamensfilm frå
>grunnfag i Film, fjernsyn og video (Ffv) ved NTNU. Filmen, som handlar om
>ein ung mann som kjem i eit moralsk dilemma mellom den sjuke mora si og ei
>jente han blir forelska i, er ei småfilosofisk historie om kjærleik, svik og
>om ansvaret med å binda seg til nokon.
>
>- Det er så mykje "gutefilm" på Ffv. "Alle" vil laga filmar med pistolar og
>narko - i vesle Noreg! Alle jagar etter å laga handlingsfilm, eg ville gjera
>noko anna enn dette. Hafsmo arbeider som freelance fotograf og redigerar i
>tillegg til at han studerar film ved NTNU og han reagerer på at det er så
>sterk formfokusering i biletmedia i dag på kostnad av handtverket.