Forsvar_kontantstøtteordninga.__Av_Olav_Randen

Olav Randen (boksmia@online.no)
Sun, 15 Mar 1998 19:15:49 +0100

(Fordi eit tidlegare innlegg eg hadde i dette forumet vart trykt i
Klassekampen, presiserer eg at det følgjande, iallfall i første omgang, er
skrive berre for KK-forum. Eg gjer det slik fordi det er somt her eg er
usikker på og ikkje har kontaktar og tid til å kontrollere eller
gjennomdiskutere, men også fordi eg trur denne publiseringsmåten kan
engasjere kvinner i internett-debatt.)
Inntil siste veka var eg usikker på standpunkt til kontaktstøtta. No har eg
lese artiklar av Jorun Gulbrandsen (JG) og Taran Sæther i Røde Fane og av
Eline Lønnå og Sissel Henriksen i Klassekampen. "Det verste angrepet på
kvinner siden krigen", står det utanpå Røde Fane. Lesinga har gjort at eg
har bestemt meg - for kontantstøtte.
Før eg grunngir mitt syn, må eg for å redusere talet på mistydingar
presisere at eg ønskjer 6 timars arbeidsdag for småbarnforeldre framfor
kontantstøtte. I ein prinsipiell debatt vil eg argumentere for det. Men dei
konkrete vala vi står overfor dei første åra, er kontantstøtte, forlengja
svangerskapspermisjon eller ingen av delane. Eg ønskjer også at samfunnet
skal ha eit større ansvar for småungane og trur ikkje det minste på at dei
tek skade av å vere i barnehage eller annan stad borte frå foreldra medan
dei er i arbeid.

To "eldremilliardar" til småbarnforeldre

Når samfunnet støttar småbarnforeldre, er det ikkje for å vere snill eller
fordi dei treng det. Det er primært fordi samfunnet treng reproduksjon av
arbeidskraft.
Kontantstøtte inneber at foreldre til eittåringar som ikkje nyttar
offentleg barnehage, får ei ekstra barnetrygd på 36 140 kroner. Av ca. 65
000 eittåringar går berre 2 % i offentleg barnehage, skriv JG. Delt ut
etter 63 000 ungar inneber det at samfunnet betaler vel to milliardar
ekstra til desse (og ikkje nesten 4 som JG hevdar).
Som gruppe er småbarnforeldra blant dei som slit med tyngst økonomi. Ikkje
slik å forstå at alle har økonomiske problem, men slik at det å etablere
familie, betale innskot og/eller dyr husleige, kjøpe barnevogn og
leikegrind, bleier og småbarnklede og sikringssete om foreldra har bil,
ordne barnepass med meir kostar mange gonger inntekta til dei fleste i
denne livsfasen. For folk som er opptekne av at fattigdommen skal vekk og
inntekter jamnast ut, skal det difor tunge grunnar til å gå mot desse to
milliardane. Dei utgjer, med atterhald for dei 2 prosentane som fell
utanfor, ei ekstra, kjærkomen barnetrygd.

To støttemodellar

Støtte kan givast ut frå to grunnprinsipp, vi kan kalle dei trygdemodellen
og pensjonsmodellen. Trygdemodellen vil seie at alle får og får same
summen, slik folk gjer med barnetrygd og alderstrygd (grunnpensjon).
Pensjonsmodellen vil seie at folk får ut frå rettar dei sjølve eller
yrkeskollegaer har tent opp. Dei som tener mykje, får mykje, medan dei som
tener lite eller ingen ting, får lite eller ingen ting. Dei som er i fast
og sikkert arbeid, får greie ordningar. Dei som er timelønte og kanskje
blir sparka når arbeidsgivaren registrerer graviditeten, fell utanfor.
La oss ta to døme, stortingsrepresentant Sylvia Brustad og student Oline
Hansen. Viss Brustad skulle bli barnemor, får ho (saman med barnefaren)
eitt års svangerskapspermisjon. Av dette får ho full løn for 42 veker. Om
ho no tener 400 000, får ho av samfunnet 320 000 - skatt. Attåt får ho
barnetrygd. Viss Hansen får barn, får ho ei fødselsstøtte på vel 30 000 +
barnetrygda.
Kontantstøtte er altså, iallfall i første omgang, tenkt når barnet er
mellom eitt og to år. I denne ordninga vil Brustad og Hansen få 36 140
kroner kvar. Om stortingsrepresentant Brustad får det slik ho og hennar
parti vil, blir det forlengja svangerskapspermisjon med eit halvt år, slik
at ho kanskje får ytterlegare 200 000 kroner dekt av samfunnet. Hansen vil
truleg også få nokre kroner ekstra, kanskje tiendeparten igjen.
Trygdemodellen basert på lik stønad til alle med stønadsbehov stod lenge
sterkt i nordisk planøkonomi. Somme ropar no opp om at det er urettvist og
unødvendig at også rikfolk, Trygve Hegnar, Sylvia Brustad og andre, får
barnetrygd til sine ungar. Det har dei sjølvsagt rett i. Men det er mykje
skeivare med ordningar som gjer at dei får mange gonger så mykje som
fattigfolk - i svangerskapspermisjon, arbeidsløysetrygd og alderspensjon.
Slik ligg trygdemodellen nærare prinsippet Marx og Engels formulerte
slik"Frå einkvar etter evne, til ein kvar etter behov" enn det
pensjonsmodellen gjer.

Høvet til å velje

Kontantstøtta vil gjere at den økonomiske børa ved å vere heime og passe
ungen vil bli redusert. Alt vi veit om arbeidsfordeling i familiar tyder på
at der ansvaret for barna blir delt av to foreldre, blir det kvinnene og
ikkje karane som blir heime. Dette gjeld både ved svangerskapspermisjon og
kontantstøtte.
Der valet står mellom offentleg barnehage utan kontantstøtte og det å vere
heime og motta kontantstøtte, vil det for dei lågast lønte løne seg å vere
heime.
Argumentasjonen frå JG kan stuttast ned til dette: Det er ikkje bra for
unge kvinner å vere heime og passe ungane. Men dette forstår dei ikkje
alltid sjølve, unge og dumme som dei er. Difor må vi unngå ordningar som
gjer at dei kan kome til å velje slik. Vi treng ordningar som tvingar dei
ut.
Denne måten å løyse problema på gjeld for fattige kvinner. Rike kvinner vil
sjølvsagt kunne velje å vere heime uavhengig av ei kontantstøtte på 36 140
kroner. Om JG meiner at også kvinner i fast jobb og rikare kvinner skal
måtte velje arbeid, må ho i det minste vere såpass konsekvent at ho går mot
alle høve til forlenging av svangerskapspermisjon ut over det som er
nødvendig for fødselen.
Eg ønskjer som JG at folk skal vere i arbeidslivet. Men eg ønskjer også at
folk skal ha høve til å velje, slik at ikkje økonomiske problem pressar dei
ut i dårleg betalde, overtidskrevjande og slitande jobbar med dårlege
kontraktar.
Kontantstøtta gjer at småbarnmødrer i større grad kan velje. Dei kan velje
vekk å jobbe, men når dei har dette valet, kan dei også velje vekk dei mest
ubehagelege sidene ved jobben og presse arbeidsgivaren til å gjere jobben
meir menneskeleg.
Fagorganisasjonar hevdar at kontantstøtteordninga vil føre til at talet på
arbeidsplassar blir mindre og lønningane går ned. Eg forstår dei like lite
som eg forstår JG. Dei må tru at "arbeidsgivarar" eller samfunnet gir folk
arbeid av sine gode hjarte. Men det er ikkje slik. Det er i staden behovet
for at arbeidsoppgåver blir utførte og tilgangen på aktuell arbeidskraft
som avgjer talet på arbeidsplassar.
Difor vil ein motsett mekanisme verke i dagens norske situasjon med
bortimot full sysselsetjing. Når arbeidstakarane har valalternativ, har dei
også grunnlag for å slåst for betre arbeidskår. JG illustrerer sjølv dette
med sitat frå husøkonomen ved Brakanes hotell i Ulvik, ei bedrift som har
vanskar med å få lokale stuepiker fordi kommunen har innført kontantstøtte.
No må hotellet hente jentene utanfrå, stakkar. Men utanfor Ulvik finst
heldigvis jenter som er villige til å ta slitande lågtlønsjobbar. Om
kontantstøtte blir innført, blir "problemet" for hotellet nasjonalt. Kva må
dei då gjere, for dei vil framleis tilby gjestene reine rom og skifta
sengety og ein bråte servitørar til festmiddagane. Brakanes hotell må setje
opp lønene eller redusere arbeidstida for å få folk til å gjere arbeidet.
Men vi går inn i ei framtid med stor arbeidsløyse? Svært mykje talar for
det. Men det 20/80-samfunnet som kan bli framtida, vil neppe vere eit
samfunn der kvinnene en masse blir sende attende til kjøkkenbenken og
mennene er i arbeid. Det blir i tilfelle eit samfunn som blir delt langs
andre liner, der dei eldre, dei utan utdanning og dei med problem blir
vekkdefinerte. Det blir eit samfunn med gode svangerskapsordningar for dei
få og dårlege overlevingsordningar for dei mange.

Barnehagebygging

Vil ei kontantstøtteordninga føre til redusert utbygging av offentlege
barnehagar? Det er liten tvil om at slik ordninga er tenkt, vil barnehagen
bli for dyr for dei fleste. Når foreldra eller foreldret med eittåring i
barnehage må betale 3000 eller meir for plassen og attåt mister 3000 i
kontantstøtte, blir den reelle prisskilnaden 6000 kroner i månaden. Altså
blir barnehagen redusert til ein plass for ungar med ekstremt velståande
og/eller barnehagepedagogisk interesserte foreldre og for problemungar der
det offentlege betaler rekninga.
Viss det ikkje lykkast å gjere noko med det. Situasjonen vil setje
regjeringa i knipe og utgjere ei brekkstong for å utvide
kontantstøtteordninga eller redusere prisen på barnehagane eller gjere dei
to tinga i kombinasjon.
Det er ingen automatisk samanheng mellom kontantstøtteordninga og takta i
barnehagebygginga. Barnehagar blir bygde dersom politikarane vedtek å
byggje barnehagar. DNA, som stadig gjentek at kontantstøtta råkar
barnehagane, har vedteke å gå inn for full barnehagedekning i år 2000. Det
partiet altså seier, er at om kontantstøtta kjem, vil dei gå vekk frå denne
lovnaden. Alternativt at når det gjeld dette, vaklar dei så mykje at dei er
avhengige av eit sterkt press nedanfrå for å gjennomføre denne delen av
partiprogrammet.

Alternativet

Alternativet er å seie at
1. to milliardar til småbarnforeldre er eit bra tiltak,
2. kontantstøtte må givast til alle,
3. småbarnforeldra må oppmodast til å søkje arbeid eller bli verande i
arbeid,
4. barnehagar må byggjast ut i offentleg regi slik at vi får full
barnehagedekning.