Re: Nye skrifttyper

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Wed, 04 Mar 1998 10:07:13 +0100

Aslak Raanes wrote:
>
> Det som jeg kanskje synes er
> værre enn at man benytter skrifttyper
> som noen synes er umoderne, er Klas-
> sekampens (og andre norske aviser) hang
> til å prioritere rett høyremarg. Dette
> betyr at den samme teksten får godt
> synlig variende avstand mellom ord (og
> bokstaver). I tillegg får en tidvis gr-
> otesk ordeling.
> Dette fremmer ikke lesbarheten og
> virker, på meg ihvertfall, mindre pro-
> fesjonelt. Så versåsnill, skill dere fra
> resten av den norske avisflora og vis at
> det er mulig å kombinere god, lesbar
> typografi og avis.

KK-forum er kanskje ikkje rett plass for ein lang diskusjon om
typografi, men eg vil markere usemje med dette.

Kva som er lett å lese ("fremmer lesbarheten"), er avhengig av augene
som ser. Norske avislesarar er, som Raanes peikar på, vane med rett
høgremarg, og dei fleste les derfor lettast tekst som er sett opp slik.
Eksemplet til Raanes, delvis sitert ovafor, er misvisande, for
tekstjustering med proporsjonal skrift og utjamning på ordmellomromma
blir ikkje slik. Orddeling er viktig, og bør vere korrekt, både med rett
og laus høgremarg.

Om skriftval kan ein seie noko liknande: det som skiljer seg sterkt ut,
tek noko av konsentrasjonen bort frå innhaldet i teksten. (Dette gjeld
vanleg brødtekst, ei anna sak er at ein somme gonger må bruke
typografiske og andre signal for å fange merksemda.)

Lars Staurset