PARTIET (var 1956 og greier...)

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Mon, 2 Mar 1998 20:16:28 +-100

Sjølv har eg eit postprogram som gjer sitert skrift heilt vanleg medan det eg sjølv skriv blir blått. Det får vel KK-forum lita glede av. Kjipt nok.

Fagerhus:
>
>Maktstrukturer vil søke å opprettholde seg selv. All makt korrumperer og absolutt makt korrumperer absolutt. Dette har ingenting med moral å gjøre. Man fanges av maktens logikk, og får ganske riktig også en egeninteresse i å opprettholde denne.
>

Bismo:
All makt korrumperer... Denne frasen har jeg hørt fra anrkister gang
på gang, uten å få noen begrunnelse for den. Du skriver at
syndikalistene er opptatt av å overta den økonomiske makta - vil ikke
det i tilfelle også korrumpere? Hvorfor ikke det?

Eg:
Jo, og så da? Dette er truleg ny rekord i dårleg motargument, levert av Bismo. Det er eit argument som understrekar at motparten har rett.

Sjølv meiner eg revolusjonære og kommunistar pliktar å ta særs alvorleg på spørsmål knytt til korrupte "marxistiske" og "kommunistiske" herskarar fordi slike herskarar har svingt seg opp gjennom partiorganisasjonar som til dømes AKP er ein del av tradisjonen til. Altså: Det er ikkje lett å ta ein revolusjonær særleg alvorleg dersom han ikkje ser det som ei viktig oppgåve å læra av denne framtredande delen av kommunistane si historie i vårt hundreår. (Dette tyder sjølvsagt ikkje at ein bør bli anarkist.)

Fagerhus:
>
>Har det aldri falt deg inn at folk kan tenke sjøl, og organisere seg sjøl uavhengig av Partiet? Den russiske revolusjon viser nettopp hvorfdan Partiet gjorde folket hjelpeløst, ved at folket ble fratatt eget initiativ, og alt skulle skje gjennom partiet.

Heilt samd, dersom vi snakkar om ein del år etter 1917.

Bismo:
>
Selvsagt er vi avhengige av organisasjon utenfor partiet. Men det som
faktisk skiller partiet fra andre organisasjoner, er at det har et
visst grep om utviklingstendensene i samfunnet og kan jobbe ut fra
det. Dagskampen fører lett til reformisme - dagskravene blir oppfylt,
og man er fornøyd en stakket stund. Derfor må man ha et parti som står
i spissen og *gjennom sin aktivitet på demokratisk vis* oppnår en
lederrolle i den revolusjonære bevegelsen.

Eg er samd i at det er YNSKJELEG med ei partiorganisering av ivrige revolusjonære folk, det handlar om å samla størst mogleg kampkraft mot herskarane. Men å postulera at Partiet (eins eige, sjølvsagt) ER meir framskride og eigna til å stå i spissen er noko heilt anna. Då er vi på veg over i avdeling for revolusjonær teologi der Frelsaren er blant oss og namnet hans kjend, for alle som vil opna augo og ta imot evangeliet (og det blir som oftast stendig færre jo meir teologisk Partiet (altså Frelsaren) sjølv blir). Altså: Partiet må slåss for å fortena ein plass som EI LEIANDE reveolusjonær kraft, og gje faen i å insistera på å vera DEN LEIANDE krafta. (For ordens skuld: Eg hevdar ikkje at Bismo er slik ein teolog, eg berre nyttar høvet til å melda noko eg synest er på sin plass.)

Revolusjonær helsing

Magnus E. Marsdal