Re: Albright: We think the price is worth it

Paal Hellesnes (paal@feskar.net)
Wed, 11 Feb 1998 10:08:52 +0100 (MET)

Flott artikkel! Meir av slikt!

Det er ellers eit "morosamt" paradoks at alle dei tinga som USA seier er
saa "fy-fy" at Irak har (biologiske, kjemiske og kjernefysiske vapen), er
ting som USA har vore leiande i utviklinga av. Kven paa dette forumet
eller andre stader tviler paa at USA har MENGDER av biologiske og
kjemiske vapen? Eit interessant tankeeksperiment:
Kva om Noreg slutta aa vera ei internasjonal nikkedukke for USA og krevde
innsyn i ALLE USA sine vapenlagre for aa sjekka om dei har "ulovlege"
vapen? Kva om vi, saman med andre land (Tyskland, Russland, Japan, Kina
t.d.) sa at vi kom til aa bomba Washington DC om dei ikkje lot oss skipa
inspektoerar inn i t.d. Pentagon? Det at desse scenariene berre faar oss
til aa trekka paa smilebanda seier noko om kor hyklerisk og gjennom
imperialistisk Clintons "verden i fred" er.

Kva gjer vi i Noreg naar bombene fell over Bagdad att?

Paal Hellesnes
Personsoekar: 96 84 78 06
Finger paal@feskar.net for PGP-nøkkel