Bush og sjølvråderetten (var Re: NRK til sengs med Johnny Olsen)

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: Wed Mar 28 2001 - 23:05:54 MET DST

  • Next message: Oddmund Garvik: "Liv og lære"

    For nokre dagar sidan skreiv Trond Andresen m.a. (om nasjonalstaten):

    > En framtid hvor de aller fleste vesentlige beslutninger som angår et
    > lands innbyggere tas av organer som står til ansvar overfor de samme
    > innbyggere (og hvor problemer på mer globalt nivå løses i form av
    > frivillig tilslutning til bindende internasjonale avtaler, med FN som
    > viktigste organisasjon for slikt).

    Eg tykkjer sant å seia at dette skurrar i øyro, for ein treng ikkje
    studere resultata av slik "frivillig tilslutning" så lenge for å forstå at
    det ikkje fungerer. Det ferskaste dømet er Bush II si loftsrydding og
    annulering av Kyotoavtalen, som Karsten nemner like ovanfor. Det finst
    mange andre - til og med vesle Noreg bryt internasjonale avtalar når det
    passar dei nasjonale interessene, eller når ein kan uttrykkje
    trylleformelen: "av hensyn til vår økonomi" og vera viss på å hauste
    applaus, i det minste inne bak gjerdet (jf Heger).

    Skal ein fylgje presidenten sin talsmann, Ari Fleischer, sine ord,
    annulerer dei ingenting, for avtalen er ikkje sett ut i livet, og då er
    det heller ingenting å trekkje seg frå...

    Kyotoavtalen som det har vore så mykje snakk om, som det har blitt bruka
    så store ressursar på, og som det er blitt skrive så mykje om: EXIT!

    Les om att dette innlegget eg skreiv for eit par månader sidan:
    http://www.itk.ntnu.no/ansatte/Andresen_Trond/kk-f/fra081100/0498.html

    Oddmund Garvik
     
    ______________________________________________________________________________
    ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
    vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
    http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 28 2001 - 23:13:16 MET DST