Nasjonalstaten og det globale

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: Mon Jan 22 2001 - 15:38:41 MET

  • Next message: Karsten Johansen: "Bush II/oljeindsustrien og klimapanelet"

    Nok eit langt innlegg, men dei som ikkje likar slikt, kjenner
    framgangsmåten...

    Dei verkelege herskarane i verda er ikkje lenger regjeringane, men
    leiarane for multinasjonal finans og industri, og lite gjennomsiktige
    finansinstitusjonar (IMF, Verdsbanken, OECD, WTO, sentralbankane).
    Desse er ikkje valde, enda kor stor innverknad avgjerdene deira har på
    livet til menneska.

    Makta til desse organisasjonane har ein verdsomspennande dimensjon, medan
    makta til statane er avgrensa til den nasjonale dimensjonen.

    Dei multinasjonale selskapa har elles for lenge sidan passert statane i
    den internasjonale finansstraumen. Dei har ein transnasjonal dimensjon, er
    rikare enn statane, men det er også dei som forsyner politiske parti av
    mest alle tendensar med pengar i dei fleste landa. Desse organisasjonane
    står de facto over lover og politisk makt, over demoktratiet.

    Her er ei liste over omsetninga til nokre multinasjonale selskap,
    samanlikna med BNP i nokre statar. Det fortel alt om den planetære makta
    som desse selskapa er i ferd med å skaffe seg. Ei makt som blir meir og
    meir umåteleg og grenselaus som eit resultat av stendig fleire
    multinasjonale fusjonar.

    Omsetning, eller BNP, i milliardar dollar:

    General Motors 178,2
    Danmark 161,1
    Thailand 157,3
    Ford 153,5
    Noreg 153,4
    Mitsui & Co 142,8
    Polen 135,7
    Sør-Afrika 129,1
    Mitsubishi 129
    Royal Dutch Shell 128,1
    Itoshu 126,7
    Saudi-Arabia 125,3
    Exxon(Esso) 122,4
    Wall Mart 119,3
    Hellas 119,1
    Finland 116,2
    Marubeni 111,2
    Sumimoto 109,3
    Malaysia 97,5
    Portugal 97,4
    Singapour 96,3
    Toyota 95,2
    Israel 92
    General Electric 90,8
    Filippinane 83,1
    IBM 78,5
    NTT 77
    Axa - UAP 76,9
    Chile 74,3
    Irland 72
    Daimler-Benz 71,5
    British Petroleum 71,2
    Venezuela 67,3
    Volkswagen 65,3
    New Zeeland 65
    Unilever 43,7 *
    Pakistan 41,9 *
    Nestle 38,4 *
    Sony 34,4 *
    Egypt 33,5 *
    Nigeria 29,6 *

    Dei 5 største selskapa til saman 526,1
    Midt-Austen og Nord-Afrika 454,5
    Søraust-Asia 297,4
    Afrika sør for Sahara 269,9

    Tala er frå 1999, bortsett frå dei med stjerne som stammar frå 1992.
    Kjelder: Banque Mondiale (World Development Repport 1998-1999)
    Institut de recherche des Nations Unies pour le développement social
    Courrier International - http://www.courrierinternational.com/
    Le Monde Diplomatique - http://www.monde-diplomatique.fr/

    Demokratiet har alt slutta med å vera ein realitet. Dei ansvarlege i
    organisasjonane som utøver den reelle makta, er ikkje valde, og folket
    blir ikkje informerte om avgjerdene deira.

    Handlingsmarginen til statane blir meir og meir redusert gjennem
    internasjonale økonomiske avtalar, der innbyggjarane korkje blir
    konsulterte eller informerte.

    Alle desse avtalane som er utvikla dei siste fem åra (GATT, WTO, MAI,
    osb.) har alle eit felles mål: overføring av makt frå statane til
    ikkje-valde organisasjonar.

    Ein proklamert suspensjon av demokratiet hadde truleg provosert fram ein
    revolusjon. Det er difor det er bestemt å oppretthalde eit
    fasadedemokrati, og flytte den reelle makta til andre instansar i
    bakgrunnen. Innbyggjarane i dei forskjellige landa held fram med å stemme
    ved val, men stemmene deira er utan meining og innhald. Dei stemmer på
    representantar som ikkje lenger har reell makt.

    Og det er nettopp fordi det ikkje finst meir å bestemme at programma til
    dei politiske partia til "høgre" og til "venstre" liknar så mykje på
    kvarandre i alle dei vestlege landa. Ein kan ikkje velja "rett", berre
    saus. Retten heiter "nyslaveri", med ein sterkt krydra høgresaus, eller
    ein sur-søt venstresaus.

    Frå byrjinga av 90-talet har også informasjonen smått om senn blitt borte
    i dei vanlege massemedia. På same måte som vala, eksisterer framleis
    "dagsrevy" og informasjonsprogram, men dei har ikkje noko innhald lenger.
    Ein "dagsrevy" inneheld maksimalt 2-3 minutt med verkeleg informasjon.
    Resten er samansett av "magasintema", små anekdotiske reportasjar, ulukker
    og skandalar, mikrointervju med folk i gata og reality-shows om
    dagleglivet.

    Analysane til spesialjournalistar, og reine informasjonsprogram er mest
    heilt eliminerte. Informasjonen innskrenkar seg til den skrivne pressa,
    som berre blir lesen av ein liten minoritet.

    Den forsvunne informasjonen er eit tydeleg teikn på at det politiske
    regimet har endra karakter. Dette har sjølvsagt med pengemakta å gjera.

    Men basis for pengane er ikkje lenger til å ta og føle på som på den tida
    då gull var målestokk og modell. Pengane er i dag hovudsakeleg virtuelle -
    i røyndomen rekkjer av 0 og 1 i bankane sine datamaskiner. Størstedelen
    av verdshandelen forgår utan papirpengar, og berre rundt 10% av dei
    daglege finanstransaksjonane er økonomisk bytting i den "verkelege verda".

    Finansmarknaden er eit system for skaping av virtuelle pengar, og av
    profitt som ikkje er basert på reell verdiskaping. Ved hjelp av
    finansmarknadane (som gjer det mogleg å omgjera kurssvingingar til
    profitt), kan aksjeeigarar erklærast rikare ved enkle overføringar av
    elektron i datamaskiner. Denne pengeskapinga, utan tilsvarande økonomisk
    verdiskaping, er sjølve definisjonen på kunstig pengeskaping. Det som lova
    forbyr pengeforfalskarane, og det som den liberale ortodoksien forbyr
    statane, er altså mogleg og legalt for nokre få profitørar.

    Om ein vil forstå kva pengar eigentleg er, og kva dei tener til, er det
    nok å snu på det gamle ordtaket "tid er pengar".

    Pengar er tid. Pengar er det som gjer det mogleg å kjøpe tida til andre,
    tida som er nødvendig for å produsere produkta eller tenestane som ein
    brukar.

    Teknisk er pengar ei mellomliggjande reikneeining for bytting av tid mot
    tid, utan at tida til den eine og den andre direkte kan samanliknast. For
    kvar konvertering mellom pengar og tid er basert på eit subjektivt skjønn,
    som varierer etter det økonomiske og informasjonelle styrkeforholdet
    mellom kjøpar og seljar.

    Representantane for den økonomiske makta kjem stort sett frå den same
    verda, dei same sosiale miljøa. Dei kjenner kvarandre, møtest, og deler
    dei same synspunkta og dei same interessene. Dei deler såleis heilt
    naturleg den same visjonen av det som må vera den framtidige idealverda.
    Det er då naturleg at dei blir samde om ein strategi, og synkroniserer
    sine respektive handlingar mot dei felles måla ved å innføra økonomiske
    situasjonar som er gunstige for gjennomføringa av desse, det vil seia:

    - Svekkjing av regjeringane. Dereglementering. Privatisering av offentlege
    tenester.

    - Totalt brot mellom statane og økonomien ("modernisering"), inkludert
    område som utdanning, forsking, og på sikt politi og hær, som også skal
    bli område drivne av private selskap.

    - Uvisse på arbeidsmarknaden, og oppretthalding av høg arbeidsløyse ved
    hjelp av delokalisering og globalisering av arbeidsmarknaden. Dette aukar
    det økonomiske presset på lønsnivået, og arbeidarane er viljuge til å
    akseptere kva slag løn som helst, på vilkår av at dei får arbeid.

    - Reduksjon av sosiale støtteordningar, for å auke dei arbeidslause sin
    motivasjon til å akseptere kva slag arbeid som helst til kva slag løn som
    helst. For høge sosiale stønader hindrar at arbeidsløysa blir eit
    effektivt pressmiddel på arbeidsmarknaden.

    - Hindre aukande lønskrav i den tredje verda ved å oppretthalde totalitære
    og korrupte regime. Dersom arbeidarane i den tredje verda hadde høgare
    løn, ville dette knuse sjølve prinsippet om delokalisering og den
    brekkstanga som denne utgjer på arbeidsmarknaden og i samfunnet i dei
    vestlege landa. Dette er altså ei essensiell strategisk sperre som må
    bevarast for einkvar pris.

    Den vidgjetne "asiatiske krisa" i 1998 blei sett i verk for å bevare denne
    sperra. Sidan byrjinga av 90-talet hadde det utvikla seg sterke lønskrav i
    Sør-Korea, det landet som stod i spissen for det som blei kalla det
    "asiatiske mirakelet". Demonstrasjonar for demokrati og betre lønsforhold
    auka i omfang, og dette truga med å spreie seg til andre land i
    Søraust-Asia, der delokaliseringa var konsentrert.

    Lat oss sjå nærare på det som skjedde. Den "asiatiske krisa" byrja nettopp
    i Korea, etter eit krakk på børsen i Seoul. Over natta oppdaga "ein" at
    den akkumulerte gjelda til dei koreanske privatselskapa var alfor høg,
    noko som sette i gang ei panikkrørsle på børsen. Det koreanske krakket
    spreidde seg deretter til andre asiatiske børsar som eit dominospel.
    Børskrakk er altså ein av dei økonomiske mekanismane som det er lettast å
    leie og manipulere: det er nok å vera i posisjon til tilstrekkeleg å
    påvirke finansstraumen, eller spreiinga av finansinformasjonen.

    Resultatet er at det i Korea og Asia ikkje lenger er snakk om sosiale
    krav... No snakkar ein om lønsreduksjon, arbeidsløyse og uteliggjarar.

    Dei private multinasjonale organisasjonane skaffar seg etterkvart dei same
    maktmiddel som statane har: kommunikasjonsnettverk, satellittar (1),
    etterretningstenester, personopplysningar ("mapper") (2), juridiske
    institusjonar (etablert av WTO og var innebygd i MAI-avtalen (sjølv om
    denne etter sterkt press blei vraka, held arbeidet fram med ei eller anna
    MAI-kloning). Dei multimasjonale selskapa ivrar etter ein avtale som gjer
    det mogleg for dei å stille ein stat for retten - ein internasjonal
    spesialrett.

    Den neste etappa - og den endelege - vil vera at desse organisasjonane
    oppnår militær- og politimakt som svarar til den nye maktposisjonen, for
    dei nasjonale militær- og politistyrkane er ikkje tilpassa forsvaret av
    dei multinasjonale interessene i verda.

    På sikt vil hærane bli privatbedrifter, leverandørar av tenester som
    arbeider på kontrakt både med statane og andre private kundar som er i
    stand til å betale for slike tenester. Det endelege stadiet i planen, er
    at desse private hærane tener interessene til dei store multinasjonale
    selskapa, og går til åttak på statar som ikkje bøyer seg for reglane til
    den nye økonomiske verdsordninga.

    Ei anna side er det økologiske metningspunktet. Det er klårt og tydeleg
    at me byrjar å røre ved dei økologiske grensene til den økonomiske
    aktiviteten. Den liberale marknadsøkonomien, der målet er kortsiktig
    profitt for private interesser, kan sjølvsagt ikkje bry seg om dei
    langsiktige kostnadane i samband med t.d. miljøøydeleggjinga.

    Dei aktuelle økonomiske modellane er heller ikkje skikka til å setje opp
    ein nøyaktig oversikt over "produksjonen" til naturen, som er avgjerande
    for at me kan overleve: produksjon av oksygen, opptak av karbongassar i
    skogar og hav, temperaturregulering, vern mot stråling frå sola, kjemisk
    resirkulering, nedbørsutbreiing, produksjon av drikkevatn, matproduksjon,
    osb.

    Produksjonen til naturen har blitt evaluert til 55.000 milliardar dollar
    per år av ei forskargruppe ved Institute for Ecological Economics ved
    Universitetet i Maryland i 1997.

    Naturen er alvorleg truga og vil kanskje forsvinne, for det er viljen til
    den nye økonomiske makta. Kvifor?

    Av tre årsaker:

    1- Forsvinninga av naturen og aukande forureining vil gjera menneska enda
    meir avhengige av det økonomiske systemet for å overleve, og vil gjera det
    mogleg å generere ny profitt (særleg auka forbruk av medisinar og
    medisinske tenester...).

    2 - Dessutan utgjer naturen ein referanse av ein annan type, den som har
    med universet å gjera. Skodinga av det vakre og det perfekte i denne
    ordenen er undergravande: slik skoding av naturen gjer sitt til at
    individet forkastar det stygge urbane miljøet, og byrjar å tvile på den
    sosiale orden som skal vera den einaste referansen.

    3 - Skodinga av naturen inspirerer også til draum og intensiverer individa
    sitt indre liv, utviklar eigne kjensler, og såleis fri tenkjing. Dei
    sluttar med å vera fascinerte av varer, dei vender seg bort frå
    fjernsynsprogramma som har som oppgåve å gjera dei dumme, og å kontrollere
    tenkjemåten og sjela. Frie for desse lenkane, byrjar dei å sjå for seg eit
    anna mogleg samfunn, bygd på andre verdiar enn profitt og pengar.

    Alt det som fører individa til å tenkje og leve på eiga hand, er
    potensielt undergravande. Den største faren for den sosiale orden er det
    spirituelle, for dette fører til at individet snur opp ned på
    verdisystemet sitt, og såleis også framferda si, i konflikt med tidlegare
    verdiar og levemåtar, innførte av den rådande sosiale oppdraginga.
    Av omsyn til stabiliteten til den "nye sosiale orden", må alt som kan
    stimulere til åndeleg oppvaking, eliminerast.

    Kva er alternativet? For ikkje definitivt å bli ekskluderte, må
    motkreftene til den økonomiske makta (statar, fagforeiningar,
    forbrukarorganisasjonar, miljøorganisasjonar) svare med å organisere seg
    på same nivå, eit verdsomspennande og ikkje eit nasjonalt nivå. Dette kan
    gjerast ved å slå seg saman og synkronisere aksjonen, i grupper av statar
    som veg tungt nok i den internasjonale økonomiske aktiviteten.

    Det er ikkje mykje tid att til å reagere, for alle nødvendige
    kontrollelement for eit framtidig verdsdiktatur er alt på plass.

    I løpet av dei siste to tusen åra har sivilisasjonen gjennomgått fire
    etterfølgjande epokar, kjennemerkt av fire former for politisk makt:

    1 - Epoken med stammehovdingar
    Makt avhengig av styrke (sjeldnare av visdom og kunnskap).
    Liksom blant grupper av dyr, er makta i hendene til den "dominerande
    hannen".

    2 - Epoken med imperium og kongerike
    Makta går i arv. idéen om ein stat oppstår.

    3 - Epoken med nasjonalstatar
    Denne epoken byrja med det parlamentariske monarkiet i Storbritannia i
    1689, den franske revolusjonen i 1789, og med grunnleggjinga av USA.
    I ein nasjonalstat er ikkje makta arveleg, men blir utøvd av leiarar som i
    prinsippet skal representere folket, utpeika ved val (demokratisk
    nasjonalstat), eller ved eit samvirkesystem i eitt parti (totalitær
    nasjonalstat).

    4 - Epoken med økonomiske konglomerat
    Ein epoke som byrja 1954, som blei sett ut i livet på 70- og 80-talet, og
    som var heilt operasjonelt frå byrjinga av 90-talet.
    Makta er ikkje lenger representativ ellet valgbar, og er ikkje lenger
    lokalisert geografisk (i motsetnad til stammesystemet, kongerika og
    nasjonalstatane). Ho blir utøvd direkte av dei som kontrollerer
    finanssystemet og vareproduksjonen. Maktinstrumenta er kontroll av
    teknologien, energien, pengane og informasjonen.

    Som all tidlegare ny makt, veks og erstattar denne den førre makta, som er
    dømt til å forsvinne.

    Denne nye makta er global, verdsomspennande. Det finst såleis ingen
    alternativ, ingen utvegar. Ho representerer eit nytt nivå i organiseringa
    av sivilisasjonen, ein slags super-organisme.

    Løysinga av problema på verdsnivå må faktisk koma frå ei eller anna form
    for global makt. Sameininga av verda gjennom økonomien og slutten på
    nasjonalstaten har delvis hatt eit nobelt motiv: gjera ein ny verdskrig
    umogleg, som i atomalderen ville vera slutten på all sivilisasjon.

    Det avgjerande og viktige spørsmålet gjeld kva for mål og kva slags
    interesser den nye globale makta skal tene, kven som skal utføre ho, og
    kva slags motkrefter som skal kontrollere og balansere denne makta.

    Eg ser den nye verdsomspennande motstandsrørsla i dette perspektivet. Den
    sterke veksten denne rørsla har, heng sjølvsagt saman med at ho gir svar
    og løysingar på spørsmål som mange stiller seg i dag. Dei "politiske
    partia" er berre i stand til å koma med skinløysingar, bortimot identiske
    "prosjekt", og tome proklamasjonar. Partia er arkaiske og døyande element,
    først og fremst fordi dei har nasjonalstaten som utgangspunkt og ramme.

    Oddmund Garvik

    (1) I løpet av dei 4-5 neste åra, vil Microsoft sende opp 120
    kommunikasjonsssatellittar som skal utgjera TELEDESIC-nettverket.
    Andre multinasjonale selskap førebur seg likeins på å opprette liknande
    nettverk av kommunikasjonssatelittar. Prvate observasjonssatellittar er
    alt på plass. To selskap kommersialiserer bilete med høg oppløysing og
    stor presisjon over kva som helst område i verda som kjøparar er
    interesserte i.

    (2) Fleire selskap som er oppretta dei siste åra (hovudsakeleg i USA) er
    spesialiserte i innsamling av personopplysningar, offisielt til
    kommersiell bruk. Men desse private arkiva inneheld no millionar av svært
    presise, individuelle profilar om forbrukarar i alle dei vestlege landa.
    Opplysningane blir selde til alle som ønskjer å kjøpe dei.
          
     
    ______________________________________________________________________________
    ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
    vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
    http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Mon Jan 22 2001 - 15:40:57 MET