Re: Eksportdauden (var Re: Svartedøden)

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: Wed Mar 28 2001 - 12:08:24 MET DST

  • Next message: Karsten Johansen: "Re: SV: VS: Kommentar:"Kapitalismen kan leve evig""

    Le Mer, 28 Mar 2001 11:05:08 +0200
    jonivar skullerud <jonivar@bigfoot.com> a écrit:

    > > Eg veit ikkje om dette har *spesielt* med EU-systemet å gjera.
    >
    > Annet enn at landbrukspolitikken i EU er helt underlagt
    > EU-kommisjonen, uten noen demokratisk kontroll -- nærmest for å
    > garantere at kapitalinteressene dominerer.

    > > Det er eit generelt trekk, og først og fremst eit resultat av
    > > pengegaloppen. Slike matrestar (som The Times skreiv om) er billeg og
    > > svært kalorihaldig fôr, billegare enn andre samansetningar, mjøl osb.
    >
    > Matrester har blitt foret til svin i alle tider. Du kan ikke beskylde
    > pengegaloppen for det. Det som er nytt er vel heller at alt
    > transporteres over store avstander.

    Jau, fordi det trass i åtvaringar ikkje blir tekne nødvendige tiltak som
    t.d. sterilisering. Dette har økonomiske årsaker - ein reduserer utgiftene
    maksimalt, og tek sjansen på at det går bra. Dette er klassisk i vårt
    system (Noreg er ikkje noko unntak!).

    Nettopp fordi kjøt og livdyr blir frakta verda rundt, er det viktig å
    halde seg til visse prosedyrar on ein vil unngå problem. Nokre har stor
    tru på å innføre importforbod ("stenge grensene"), sjølv om dette kan
    verke som blår i augo når det samstundes blir innført eksportforbod frå
    dei områda som er råka av sjukdom. Men la gå, lat oss seia at det er på
    sin plass å gardere seg 200 %. Når andre land gjer det same, som m.a.
    Russland og kanskje andre statar i den tidlegare Sovjetunionen i høve til
    import av norsk fisk t.d., må ein ikkje harselere over dette slik norske
    styresmakter gjer. Det er kanskje surt (og "dyrt") å bli råka av sin eigen
    "logikk", men slik er livet.

    Om ein innfører aldri så mykje importstans, blir ein ikkje kvitt smuglinga
    - ei eldgamal og lukrativ verksemd i forbodstider. Den regulære importen
    representerer truleg ingen fare, ettersom veterinærkontrollen no er svært
    skjerpa. Det er den illegale trafikken som er farleg, sjølv den som
    turistar og andre reisande driv i det små. Ein skulle kanskje innføre
    turist- og migrasjonsforbod i same slengen...

    Slik fungerer importstansen som nok eit fata morgana - eit kraftfullt
    tiltak til innvortes bruk. Den "politiske" krangelen dekkjer over dei
    eigentlege problema med eit samfunn og ein økonomi som er basert på vekst
    og produksjon på tvers av dei ramene som naturen set. Tek ein ikkje eit
    alvorleg oppgjer med denne tenkjemåten og dette systemet, er det snart
    kroken på døra for heile bunten.

    Oddmund Garvik
     
    ______________________________________________________________________________
    ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
    vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
    http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 28 2001 - 12:10:06 MET DST