Leiartesting

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Tue, 23 Jun 1998 11:25:37 +0200

"Vil du være med på et pionérprosjekt i Norge?"

Dette spørsmålet har eg og ein del andre på arbeidsplassen min fått frå
Universitetet i Bergen. Vi skal fylle ut eit tosiders spørjeskjema om
korleis vi vurderer sjefen vår. Dette skal vi gjere tre gonger med tre
månaders mellomrom. Sjefane skal visstnok vurdere seg sjølve og
kvarandre på same måten.

I denne omgangen er formålet ikkje å finne ut om sjefen er bra eller
dårleg, men om det er dei rette spørsmåla som blir stilte. I brosjyra
som følgjer med, står det:

"Hensikten er å foreta en grundig kvalitetsvurdering av
personlighetstester som bruker ved lederrekruttering i Norge. En viktig
målsetning er samtidig å få bedre kunnskaper om psykologiske aspekter
ved effektiv ledelse i norske virksomheter.

Prosjektet kan bidra til betydelig kompetanseheving blant konsulenter,
fagmiljøer og andre som er engasjert i utvelgelse av ledere. Resultatene
kan også få stor praktisk betydning for utforming av seriøse
lederutviklingsprogrammer."

Spørsmåla er mangslungne, og ein kan gjette at nokre er henta frå testar
som kanskje ikkje er så vellykka. Det er frivillig å vere med, og svara
er sjølvsagt anonyme. Slik sett er dette ein fin sjanse til å få sagt
eit par sanningsord om sjefen, eller kva?

Eg synest først og fremst saka er ekkel. Sjølvsagt har sjefen min, som
andre, sine sterke og veike sider, og det er motbydeleg å gje detaljerte
karakterar til eit menneske som eg kjenner og skal sjå i augene kvar
dag.

Eg er også usikker på korleis dette blir brukt vidare. Dersom det
lykkast å lage betre leiartestar, betyr vel det at leiarar for framtida
blir vurderte endå grundigare enn i dag. Dei som ikkje held mål, skal
ut. Bruk og kast. Eg tenkjer ikkje no på direktørar på
fallskjermjeger-nivået, men på mellomleiarar under hardt press mellom
krav ovafrå og protestar nedafrå. I neste omgang kjem det kanskje
liknande spørjeskjema der "medarbeidarane" skal vurdere kvarandre?

Er det andre som har synspunkt på dette?

Lars Staurset