Re: Lydersen, Laugaland + praktisk info

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Tue, 09 Jun 1998 08:37:54 +0200

Trond Andresen wrote:
>
> Lydersen er ikke utestengt, noe han ser ut til å tro:
>
> > Når Trond Andresen går
> > til det skritt å stenge meg ute uten å si ifra om det, da er vel det å
> > betrakte som en ganske klar beskjed fra listeleder om at han ikke klarer
> > mer.

To gonger dei siste dagane har eg sendt privat e-brev til Lydersen og
forklart kva som er problemet hans: Han er medlem av KK-forum med ei
e-post-adresse, men har i det siste sendt innlegg frå ei anna adresse.
Desse innlegga blir naturleg nok blokkerte med den nye ordninga. Eg har
prøvd å greie ut i detalj for han korleis dette fungerer, og det burde
ikkje vere vanskeleg å forstå.

Likevel vel Lydersen å syte vidare i e-brev til Magne Haagen Flatval
over at han er "sensurert bort" frå forumet. Han om det, men vi andre
treng ikkje å synast synd på han fordi om han ikkje kjem gjennom.

> De fleste som har uttalt seg støtter beslutninga om utestenging
> av Laugaland , andre er uenige.

Eg forsvara Laugaland her på forumet så lenge han skreiv litegrann
sakleg, sjølv om eg var sterkt usamd med han. Dei siste vekene vart han
meir og meir vrøvlete og sjikanøs; eg oppfordra folk til å ikkje svare
han, men når det heller ikkje fungerte, synest eg det var OK å stengje
han ute.

> Jeg har ikke noe ønske om for enhver pris å
> være restriktiv. Hvis det er mange som endrer oppfatning i dette
> spørsmålet, vil jeg åpne lista igjen. Jeg oppfordrer folk til å debattere
> hvordan problemer a la Laugaland skal løses.

Folk som slengjer ut meiningar i hytt og v=EAr, men som ikkje argumenterer
for dei, blir det i lengda uinteressant - eller umuleg - å debattere
med. I slike tilfelle bør vi oversjå dei og la vere å svare. Sjølvsagt
bør vi gjere dei merksam på problemet, gjerne i privat e-post.

Sjikane, særleg av personar som ikkje er med på forumet, bør føre til at
dirigenten klubbar og i verste fall kastar ut vedkommande.

Lange og uinteressante innlegg ellers er kvar av oss godt i stand til å
ta hand om, enten med filter eller med Delete-tasten. (Men for si eiga
skuld bør visse debattantar skrive kortare, då får dei kanskje fleire
lesarar.)

Bør forumet opnast att for ikkje-medlemmer? Stenginga reduserer kanskje
problemet med nazi-innlegg o.l., men sjølv dei folka er vel glupe nok
til å komme seg gjennom om dei ser seg tente med det. Eg hallar mest til
opent forum; det gjer den tekniske terskelen lågare for å delta (jfr.
Lydersen-problemet).

Lars Staurset