Stalin_og_Tøysekoppen

Jostein Laugaland (Jostein.Laugaland@it.his.no)
Thu, 4 Jun 1998 14:22:31 GMT +1

StalinKnutsen og tøysekoppen

Det første synet eg mø=9Btte i 60-åra då eg kom til Kristiania,
for å studera var Stalin Knutsen som ovdrakk på øl i Frederikke.
Det var ikkje noko fint syn, det kan eg love. Etter dette har eg
hatt eit stygt syn på stalinisme, eit grusomt stygt syn.
På TV-skjermen bak sat Odd Børretzen i intervju å tala om
den nye historieboka si. Eg slo meg ned og lydde på. Og eg trudde
Børretzen var professor i historie. Det er først i seinare år,
eg har forstått han var noko anna, ein Tøysekopp.

Tøysekoppen fortalde overtydande om vikingeferder og norrøne
landnåmstider. Dei valdtok ikkje nordmennene sa professoren, dei
under viste, på over tydande måtar. Kvendi likar slikt,
variasjonar dei kalla, på same tema. Det bør stalinistane merkje
seg. Dei som talar støtt på same tema, på Stalin, stolpe opp og
stolpe ned. Pass på så det ikkje heng fast i stolpane til sist, alle
stalinmann . Dei bør variere bitte litte grann, på tonefallet i det
minste. Det ville vore eit fall framåt. Helst bør dei skifte tema,
det ville eit steg i rett retning, eit steg bakåt.

Kva ville du forresten gjort om du vert med ordi: How do you do?

Eg hadde vel vist kva eg var kar om eg òg tenkjer eg. Tenkjer du?
Kva då med?

jostein
Jostein Laugaland , HiS Postboks 2557 Ullandhaug
4004 Stavanger
Tlf 51 83 10 16 email: jostein.laugaland@it.his.no
Fax 51 83 10 42