Underskrifter for Trygg mat

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Thu, 04 Jun 1998 09:11:27 +0200

Sidan det er ein viss tradisjon her på forumet for å gle seg også over
små tal, kjem her ein dagsrapport frå dør-til-dør-underskriftsaksjonen.
Omsider har eg fått tid til å gå i det minste ein del av roda mi.
(Kampanjen handlar om grensekontroll ved import av mat og dyr, sjå
http://home.sol.no/~okvalhei/Tryggmat/ .)

Eg skulle gå i eit villastr=F4k som har nokre av dei breiaste husa i
småbyen (eg bur ikkje der sjølv, berre så det er nemnt), og var på
førehand litt skeptisk: Her er det kanskje mange med "europeisk
orientering", som vil ha opne grenser og fri flyt av alt.

Etter å ha gått gata til endes og fått 30 underskrifter, har eg nokre
observasjonar:
- Forbløffande mange var ikkje heime. Dersom eg hadde notert dette
systematisk, og gått gata omatt ein annan kveld, hadde eg sikkert treft
på mange fleire.
- Nesten alle eg spurde, skreiv under. Berre to sa blankt nei fordi dei
var usamde, i tillegg til ein som visste for lite og ein som av prinsipp
aldri skreiv under på opprop. Dessutan var det eit par som hadde skrive
under før.
- Svært mange kjende til problemstillinga frå før, og var glade for
initiativet. Fleire nemnde av seg sjølve at dei var skeptiske til
genmanipulering eller hormonbruk. Denne kampanjen handlar spesielt om
grensekontroll, og det var dei med på straks dei fekk presentert saka. I
eit par tilfelle måtte det litt overtaling til.
- Dersom den som opnar døra er positiv, er som regel ektemaken/sambuaren
det òg, så sant ho/han er heime. (Etter nei frå den første får eg jo
ikkje spurt den andre.)

Dersom eg på så tynt grunnlag skal våge å lage ein statistikk, så blir
det ein formidabel ja-prosent. Sjølv om eg trekkjer frå underskrift nr.
2 frå somme husstandar (for å unngå skeivt utval), har 80-90% av dei
spurde skrive under.

Iallfall er det grunnlag for å hente inn fantastisk mange underskrifter
berre vi står på. Ein skal ikkje undervurdere arbeidet med å drive ein
slik kampanje. Det trengst mange til å gå roder, og nokon må organisere
det heile på fylkes- og lokalnivå. Jfr. også TV-aksjonane om hausten.
Problemet har vore å få folk til å jobbe aktivt med kampanjen. Alle har
det travelt, og kanskje dei trur det ikkje nyttar, men det gjer det!

Noko samla oversyn over fylket har vi ikkje enno. Det har kome inn
lister med i alt 3-4000 underskrifter, og fleire er truleg på veg. Når
fotball-VM tek til, er det ikkje råd å ringje på dørene til folk lenger,
men vi kan framleis ha lister på arbeidsplassar og andre stader der folk
møtest.

Så vidt eg veit, er det berre i Møre og Romsdal vi driv Trygg
mat-kampanje på denne måten. Når vi har fått meir oversyn, vil vi
oppsummere og vurdere kva vi skal gjere vidare, og kva råd vi skal gje
til andre fylke.

Lars Staurset