Trygg mat på internett

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Mon, 25 May 1998 08:39:47 +0200

Det handlar ikkje om oppskrifter (iallfall ikkje enno), men om Trygg
mat-alliansen i Møre og Romsdal. Liknande alliansar finst i andre fylke.
Vi arbeider for at maten skal vere trygg å ete, spesielt for å unngå dei
smittestoffa som vil følgje med dersom grensekontrollen blir fjerna
(utvida EØS-avtale). Vi samlar underskrifter til støtte for dette
kravet.

No har alliansen fått internettside. Du finn oss på
http://home.sol.no/~okvalhei/Tryggmat/ . Utforminga er kanskje ikkje så
spennande, men det er mykje informasjon der! Vi set pris på at tiltaket
blir kjent, f.eks. med lenker frå andre nettstader.

Underskrivne tek gjerne mot tips og kommentarar.

B.h. Lars Staurset