Nokon burde svare grundig på dette, helst nokon som har greie på
statsvitskap og politisk-ideologisk språkbruk. Det er vel viktig for
dette forumet kva vi meiner med "venstresida"! Sidan ingen andre har
teke opp tråden, prøver eg.
Ord kan bety ulike ting i ulike samanhengar, og vi lagar gjerne
definisjonar slik at dei passar for formålet vårt. Det er ikkje noko
gale i det, berre vi gjer det opent og ikkje prøver å lure nokon.
Først eit sidesprang: Kva vil det seie å vere "kristen"? I vid tyding
kan det vere alle som sjølv seier dei er kristne, eller alle medlemmer
av statskyrkja og andre "kristelege" organisasjonar (kva no det er).
Desse definisjonane passar når leiarane skal argumentere for meir pengar
eller særrettar i forhold til andre livssyn. Litt annleis stiller det
seg når dei skal finne ut kven som vil sleppe inn gjennom perleporten på
dommedag. Då blir det stilt krav til meiningar og åtferd, krav som dei
kranglar om seg imellom, men som berre eit fåtal oppfyller. Problemet er
at dei kristne leiarane blandar desse begrepa. Dei bruker det same ordet
for alle utan å gjere det klårt kva dei meiner. Slik skaper dei
forvirring i debatten, sannsynlegvis med vilje.
Noko liknande blir det med "venstresida". Er det alle som sjølv reknar
seg å tilhøyre venstresida? Er det nøyaktig halvparten av dei menneska
som har eit forhold til politikk? Er det alle som tilhøyrer bestemte
parti, slik ordet opphavleg vart brukt (etter kvar dei sat i den franske
nasjonalforsamlinga). Er det menneske med bestemte meiningar, f.eks om
revolusjon, og kva er i så fall det?
Alle desse definisjonane, og mange fleire, kan vere brukbare - dersom
nokon har bruk for dei. Kvifor skal vi definere "venstresida", eventuelt
den "ekte" og dermed den "uekte" venstresida? Kva skal vi bruke desse
orda til?
Som Arild Borgen peikar på, blir KK kalla "venstresidas dagsavis". Det
må bety at KK har eller ønskjer seg "venstresida" som lesarar og
aksjonærar. Kva for ei "venstreside" er så det? Namnet og
formålsparagrafen signaliserer ei nokså smal målgruppe, men
verveannonsane og innhaldet vender seg til eit større publikum.
Her blir altså minst to ulike "venstresider" blanda saman. Det kan vi
vel leve med; kanskje kan ordbruken lure ein og annan til å bli
abonnent, men dei vil jo forsvinne att dersom dei ikkje er fornøgde. Det
kjem ikkje i klasse med det dei kristne leiarane gjer, for her er det
ikkje snakk om statsstøtte og særrettar basert på begrepsforvirringa.
Det kunne vere interessant å høyre kva marknadsavdelinga meiner med
"venstresida". Eller kva meiner andre på KK-forum?
Lars Staurset