Meir om sensur

Jostein Laugaland (Jostein.Laugaland@it.his.no)
Fri, 15 May 1998 09:22:08 GMT +1

Sensur er eit viktig tema.

Trond Andresen har sikkert rett i at mange lister er sensurert. Både
avisa Aftenposten og sikkert listene til avisa er senuret. Slik
kultur fristar ikkje. Kven vel avisa ut?

Eg har kverulert med ein HEFtig humanetikar på nettet og styrkt min
mistanke om at ingen er så intolerante som denne "gudommeligjorte
elite". Hadde dei HEFtige hatt makta hadde vi fått meir sensur. Slik
har er vel òg radikalarane ein hang til elitetenking.

Elles er vi utskjemt med stor grad av ytringsfridom i landet. Eg
fryktar det kan gå andre vegen i "det fargerike fellesskap". Eg eg
oppvaksen på "det mørke fastland" og motsett av det oslo-kulturen
trur var her stor ytringsfridom. Ein av dei mest kjente predikantar,
"Ryfyklebispen" Sven Foldøen sa på talstolen at KRF var djevelens
parti. Sjølv var han ihuga venstremann.

Det er ein aukande intoleranse for meiningar. Samstundes kvalifiserer
fagfolka seg og diskvalifisere vanlege folk på stadig nye område. Ta
krisepsykiatri til dømes. Er ikkje dette krise?

jostein laugaland
Jostein Laugaland , HiS Postboks 2557 Ullandhaug
4004 Stavanger
Tlf 51 83 10 16 email: jostein.laugaland@it.his.no
Fax 51 83 10 42