Re:_Dei_fargerike_spørsmål

Jostein Laugaland (Jostein.Laugaland@it.his.no)
Thu, 7 May 1998 08:55:57 GMT +1

Takk for omfattande svar som røper stort engasjement i ei forvirra
tid.

Nå er eg neppe på linje korkje når det gjeld kunnskap eller
konklusjon av russiske tilhøve. Men russisk kultur og tenkning er
uhyre interessant. Det er utruleg kva dette hart prøva folkeferd byd
på innanfor kunst, kultur og tenkning. Sjølv fenomenet Jeltsin må ein
på ein måte sjå på med ei blandig av fryd og skrekk.

Mi erfaring er størst mest sosialdemokratiet og Gerhardsenepoken.
For radikale har Gerharsen gått for å vera for lite dognatisk og
kollektiv. Nå er det motsett. Nå er sosialdemokratiet håplaust
kollektivt og einsrettea. Dette er ulogisk.

Eg nemnte òg "det fargerike fellesskap", og meiner vi har
har hatt eit slikt fellesskap. Skulen vert påstått å einsretta men
har rekrutert eit mangfall i tru og legning; frå ateistar og
heidningar til sterkt truande. Dialektar og kultur er òg
mangfaldige i landet. 17.mai kan ein tolka som ei einsretting eller
som unikt kulturelt mangfall. Apropos 17. mai. Nå vil kosovoalbanarar
gå i 17.mai med kosovoflagg, les eg. Det rekk ikkje med 1.mai
tydelegvis. Kamp og konflikt vil tydelegvis auka.

Det "fargerike fellesskap" som nå vert reklamert for kan lettare
bikke over i "kulturelt vanvidd". Det er alt vanvittig så stor
skilnad som korleis dei radikale ser på nemnte norsk
lekmannsrørsle og islam. Slike haldningar tuftar ufred og væpnar til
konflikt. For romantiske radikalarar er nok òg konfliktar eitt av
måla.

Det finst ikkje noko enkel løysing. Men mitt framlegg er tufta på det
faktum at Norge i motsetnad til USA ikkje er noko verdsdel med eit
verdsspråk og eit flagg sveipt i einrettande dollar. Norsk kultur er
meir sårbar og vi må ikkje enda opp i noko Mini-FN. Vil ein på død og
liv dyrka urdu og islam vil Norge ikkje vera rett stad. Derimot må
det vera ønskjeleg med nordmenn av ulik farge og opphav. Mangfall er
rikdom slik. Demokrati og norsk sosialdemokrati var udelt mykje
betre enn diktatur og det kollektive helvete som Stalin laga i stand.
Det Utopia som dei nå leikar seg med tolkar eg illevarslande.

Ettkvart som eniske politikarar innvandrar SV og RV må ein først
kreve open tale kvar dei står for i minioritetspolitikk. Står dei for
eit Mini-FN? Kvar ligg lojaliteten hjå dei to-kurlturelle. Umet Necef
seier til Politiken at dei multikulturelle med tvilsam dansk
lojalitet må haldast utanfor mange jobbar slik som FN, utenriks,
politi, militær og så vidare.

Slik må ein ha ein open debatt i norsk
politikk òg. Og då trur eg nok det vert slik kamp som Lydersen har
peika på; ekskluderingar og udemokratiske kampmidlar. For mange er
vel denne særmerkte "tango for to .." sjølvet kjenneteiknet på
klassekampen. "Det bruser hett i mitt blod ..." og så vidare..

jostein
Jostein Laugaland , HiS Postboks 2557 Ullandhaug
4004 Stavanger
Tlf 51 83 10 16 email: jostein.laugaland@it.his.no
Fax 51 83 10 42