"Ta flagget tilbake" - opprop

Norsk_Målungdom (nmu@newmedia.no)
Wed, 06 May 1998 13:20:10 +0200

Invitasjon til å vera med og "Ta flagget tilbake"

Den seinare tida har me stadig sett nynazistar og rasistar marsjera under
norske flagg, uniformerte med norske flagg på jakka. I media vert dei
kalla "nasjonalistar" - nett det dei helst vil verta kalla sjølve. Ein
slik nemningsbruk tener desse høgreekstreme miljøa, og legitimiterer
dei i ålmenta. Samstundes vert andre, demokratiske miljø slegne i hop
med nazistane i mediabiletet.

Me oppmoder dykk som får dette brevet om å skriva under på oppropet
som ligg ved. Det er viktig at nazismen og rasismen vert møtt med ein
offensiv for å ta dei nasjonale symbola og nasjonalismeomgrepet attende
frå desse framandfiendtlege gruppene. Røynslene frå Sverige syner kor
viktig dette spørsmålet er. Der vert det svenske flagget forbode på
mange skular fordi det vert oppfatta som eit nazist-symbol.

Me som har teke initiativ til denne kampanjen har planlagt ein
pressekonferanse 17. mai. Me freistar halda han på Eidsvolls plass klokka
13.00. Der vil me presentera kampanjen, halda nokre førebudde innlegg og
me planleggjer kulturelle innslag. Førebels er desse klåre med
førebudde innlegg: Magnus Bernhardsen, leiar i Norsk Målungdom og Jon
Michelet, bladstyrar i Klassekampen. Me freistar få med nokre til. Alle
som underskriv oppropet er velkomne til å koma på pressekonferansen og
seia nokre ord.

Svar på dette brevet kan sendast til:

Norsk Målungdom: nmu@newmedia.no
Nordahl Brunsgate 22, 0165 Oslo=09
telefon 2236 4043
telefax 2236 4068
mobiltelefon 9284 8360

Send gjerne brevet og oppropet vidare!

Vesnam helsing,

Magnus Bernhardsen /s/
leiar i Norsk Målungdom

OPPROP

"Ta flagget tilbake!"

Ekstreme høgrekrefter er på frammarsj i land som Frankrike, Tyskland og
Austerrike. Både oppslutnaden i val og aktiviteten frå valdelege
ungdomsgrupper har somme stader auka til eit skræmande nivå. Her i
Noreg er oppslutnaden om nazismen liten, men valdelege høgreekstremistar
er eit fysisk trugsmål, og dei har skadd fleire menneske. I Sverige har
dei gått lenger - fleire liv er tapt.

Vi er uroa over framvoksteren av organisert nazisme og høgreekstremisme,
og vi er uroa over framstillinga desse kreftene får i norske massemedium.
Høgreekstremistane ynskjer å framstå som forsvararar av det norske,
av nasjonen, av sjølvråderetten. Difor kallar dei den fascistiske og
rasistiske ideologien sin for "nasjonalisme", demonstrerer på
Grunnlovsdagen og brukar det norske flagget som sitt symbol. Men dette er
heile folket sitt flagg, det er eit symbol på landet sitt sjølvstende.
Nett difor vil nazistane gjera det til sitt, og nett difor er det heilt
naudsynt at dei ikkje vinn fram med dette. I denne striden om dei nasjonale
symbola står dei dominerande massemedia på gal side.

Dagbladet, VG, Dagsavisen, NRK med fleire brukar ofte nemninga
"nasjonalistar" om høgreekstremistar og nazistar. Det finst mange ord som
er langt meir dekkjande: rasistar, nynazistar, sjåvinistar,
høgreekstremistar osb. Oftast nyttar massemedia likevel det ordet som
nazistane sjølve ynskjer seg: nasjonalistar. Slik gjev media, truleg utan
å ha tenkt over det sjølve, drahjelp til høgreekstremistane sin
kampanje for å bli oppfatta som forsvararar av nasjonen.

Vi veit at det er ulike meiningar i dette landet om spørsmål knytte til
nasjonalstaten si framtid. Dei fleste dominerande media har teke klåre
standpunkt for Europaunionen. Vi vil likevel oppmoda dei til å tenkja
gjenom kva det inneber å kalla nazistane for nasjonalistar og såleis
setja dei i same ideologiske bås som Henrik Wergeland og Ivar Aasen.
Vårt ynske i denne saka er at Dagbladet, VG, Dagsavisen, NRK og dei andre
massemedia tek eit medvite standpunkt og kallar dei rasistiske gruppene for
det dei er: Høgreekstremistar, sjåvinistar, nazistar og fascistar.