Re:Nazister_på_17._mai

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Mon, 4 May 1998 18:37:37 +-200

Til debatten:

Ta flagget frå nazistane

Dei mørkaste høgrekreftene i tysk partipolitikk feirer for tida stor framgang. Fascismen vinn fram mellom arbeidsfolk og arbeidslause i Sachsen-Anhalt, på same vis som Le Pen har vunne fram i Frankrike og høgreekstremisten Jörg Haider har skapt eit 25 prosents parti i Austerrike. 1. mai demonstrerte over 5000 høgreekstremistar i Leipzig. Den antifascistiske motdemonstrasjonen samla berre 1000.

Norske nazistar gjer det ikkje like bra, dei får nøya seg med nyta Framstegspartiets framgang. Likevel har Noreg fått ein særskilt status mellom nazistane i Europa; som fristad for nazikonsertar- og demonstrasjonar. I helga vart fleire titals høgreekstremistar arresterte i Örebro i Sverige, medan i Noreg er politiets rolle stort sett å slå ned på antirasistar som kjem for å stogga naziarrangement. Difor er Noreg valt som samlingsstad også for nazistar frå Sverige, Danmark, England og Tyskland denne våren. Via Aftenposten lovar ein av medlemmene i Boot Boys at det blir "action" på 17. mai. Dagen før skal det visstnok bli nazikonsert.

At høgreekstremistane velgjer seg grunnlovsdagen som dato for ei politisk markering er ikkje tilfeldig. Etter holocaust og okkupasjonen av Noreg er det ikkje så lett å selgja nazismen til folk her i landet. Difor har norske nazistar stridd for å få merkelappen "nasjonalistar" i over 25 år, det er ein meir salgbar vare. Dei vil gjera det norske flagget til sitt, og 17. mai passar godt inn i denne strategien.

Tidlegare kunne vi berre flira av dei forstokka nazislynglane som freista ta hevd på dei nasjonale symbola, alle veit jo at nazisme er lik landssvik her i landet. Men etter siste runde med EU-kamp har dette endra seg. Dei dominerande massemediene gjev dei nazistiske kreftene all drahjelp dei kan ynskja seg i striden om flagget. "Nasjonalistisk ungdom" har vorte standardnemninga på dei valdelege høgreekstremistane, dei hamnar i same ideologiske bås som Wergeland og Aasen, og store delar av Nei-rørsla.

For fagrørsla, venstresida og alle antifascistar vil det vera ei stor ulukke om nazistane vinn fram med sin ideologiske offensiv for å bli definert som nasjonalistar. At dette er eit strategisk, ideologisk mål for nazistane gjer ikkje at Ja-pressa vil endra haldning og ordbruk. Så vi lyt ta flagget i eigne hender. For folk i Oslo-området er fyrste høve den antinazistiske demonstrasjonen 16. mai.

MAGNUS E. MARSDAL