Re: En vei ut av uføret ? In-Reply-To: <3.0.3.32.19980427115556.00694f88@mail.hf.uio.no>

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Mon, 27 Apr 1998 13:26:48 +0200

Lydersen må gjerne vera overtydd om at den einaste vegen til (politisk)
frelse og rus (jfr tidlegare innlegg)
går gjennom NKP. Eit hovudproblem for Lydersen er at dette meir og meir
framstår som ei trusvedkjenning. Finst det t.d.
argument for relativt obskure påstandar som at "...det latterliggjorte,
marginaliserte og geriatrisk forstokkede
NKP ÆseilerÅ opp som et arkimedisk punkt for samfunnsutviklinga." Og for at
oppslutning om dette "...nok ÆerÅ den eneste
vei ut av uføret."?????
For meg står slike utsegner klårt fram som religiøse og ikkje so reint
lite monomane - oppatt-tekne og drøvtygde som
dei vert av Lydersen. Dei som er utstyrte med ein viss grad av sjølvkritisk
sans burde nytta han føre dei sender innlegg
til KK-forum. Og ver so snill - tak ikkje dette som ei oppmoding om å koma
med meir om det same Lydersen!
Dette er ikkje på noko måte eit innlegg for sensur på KK-forum, men det
burde vera eit problem at KK-forum i det siste
har vore den reinaste magneten for forfattarar av obskure innlegg. Det gjer
iallfall at mi interesse for å lesa innlegga som
hamnar i e-postkassa mi frå KK-forum vert mindre og mindre. Eg trur ikkje eg
er den einaste.

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41