Irland

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Fri, 24 Apr 1998 11:12:55 +0200

Eg er forsovidt ikkje usamd i noko av det Aarbakke skreiv i det siste
innlegget sitt, men poenget mitt (og Jackson sitt etter
det eg kan forstå) er altso 1) At sivil motstand har vorte drive. 2) At
maktforhold og politiske, juridiske strukturar o.s.b.
har vore slik at tradisjonell politisk motstand ikkje berre har vore
nyttelaus, men ogso har vorte slege ned med hard hand.
Og 3) At valdeleg motstand difor har vorte rekna som eit naudsynleg element.
Eg skyner elles enno ikkje bakgrunnen for Skullerud sine utsegner for
påstandane om at KK si dekning skulle vera sekterisk.
Det er gamalt nytt at det finst politisk interessant tenking i proletære
lojalistmiljø. Sjølv har eg skrive noko om det i mi
eiga hovudoppgåve - og framståande Sinn Fein - medlemer har med bakgrunn i
dette pleid personlege kontaktar i nokre i desse miljøa
i årevis. Eg synst elles at kritikken av at PMJ skriv om alle unionistar som
om han trudde dei var knytte til den same (paramilitære?)
rørsla burde konkretiserast meir. Etterlysinga av klasseperspektiv er
forsovidt greid nok - men heng dårleg på greip med indignasjonen
på vegner av Alliance parti fordi partiet vart omtala som eit
næringslivsparti. Ein studie av medlemene og støttegrunnlaget for dette
partiet ville tvillaust avdekkja ein solid overrepresentasjon av
næringslivsfolk og folk frå det øvre småborgarskapet. Same kor liberalt
partiet måtte ynskja å stå fram, er partiet de facto unionistisk og ein
støttespelar for eliten i UUP. Eit døme på dette kan vera partiet
si avtale med dei andre unionistpartia om å halda det største partiet i
Belfast (Sinn Fein) unna kommite- og nemndposisjonar
oppnemnde av Belfast City Council etter det siste valet. Ei klasseanalyse av
SDLP t.d. ville ogso avdekkja at dette er partiet for
det nasjonalistiske småborgarskapet.
Ein interessant diskusjon er det jo elles dette med om (og i kva grad)
det er relevant å trekkja inn historiske urettar i ordskiftet
om den dagsaktuelle situasjonen. I tilfellet Irland meiner jo svært mange
nasjonalistar at det er dei historiske urettane (delinga)
som har produsert dei strukturelle råmevilkåra for det undertrykkjande
regimet som har rådd i Nord-Irland heilt fram til våre dagar, og dette
er det dessutan svært lett å argumentera historiefagleg for (jfr. t.d.
Michael Farrell som eg tidlegare har drive reklame for). I mange andre
samanhengar har den sokalla venstresida (det er sovidt eg orkar å skriva det
ordet lenger) ein hang til nettopp å historisera. Jfr. t.d. ordskifte om
stalinismen/aust-Europa. Men i visse samanhengar - som her når nokon ogso
(merk OGSO) nyttar vald for å fremja ei nasjonal demokratisering det har
vist seg å vera uråd å fremja berre ved hjelp av demonstrasjonar og
røystesetel, er det tydeleg nok ikkje comme il faut.
Eller skal ein forstå denne haldninga som ein konsekvent motvilje imot å
tenkja historisk? I tilfelle ville vel dette vera eit kronargument imot å
tenkja i det heile ettersom det neppe let seg gjera å tenkja utan å byggja
på fortidige røynsler - anten dei er eigne eller andre sine.
Poenget mitt er at det går føre seg ein ideologisk kamp (anten me talar
om Noreg sitt tilhøve til EU eller løysinga på problema i Irland)
om kva me skal bringa med oss som premiss for konklusjonane. Å moralisera
over at dei som har vore trykt ned i skiten i Irland gjennom hundreår
faktisk har eit medvit om det, oppfattar eg som eit standpunkt som tener dei
premissa makthavarane ynskjer å etablera.
Dette tyder naturlegvis ikkje det same som at me difor må støtta alle
tenkjelege motstandsstrategiar eller uttrykk for motstand. Men kritikk av
den republikanske motstandsstrategien må som all anna slik kritikk vera
konkret og eksplisitt. So ver det då - og forklår og argumenter for det de
meiner er/har vore grunnleggjande feil ved den republikanske strategien.
Forklår kvifor de (eventuelt) meiner at SDLP har hatt ein meir
effektiv/betre mostandsstrategi eller kvifor de meiner at Alliance Party
utmerker seg til det betre ved å vera ikkje-sekterisk o.s.b. Fram til no er
det diverre berre ein avdempa variant av Dagbladet (og Jan Tystad) sine
synseri me har sett. Få korta på bordet - då kan me diskutera.

Med helsing

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41