Re: Selvkritikk og beklagelse

Paal Hellesnes (paal@feskar.net)
Thu, 23 Apr 1998 10:09:17 +0200 (MET DST)

Nei, Yan Grundt, teknisk sett er det kanhende ikkje "rasisme" å hevda noko
om ei gruppe personar som har religion sams, og ikkje "rase". Men det like
jævleg uansett, noko eg skal freista å illustrera med eit døme:

I USA vert legar som gjennomfører abortar til tider drepne av fanatiske
(religiøse) abortmotstandarar. Desse folka seier at dei gjer det på eit
"kristent" grunnlag. Vil du synes det er greit om eg ut frå dette sluttar
at alle kristne er potensielle legemordarar?

Er alle tyskarar jødehatarar og for å ta livet av alle homsar?

Er alle hinduar konemordarar av di nokre av dei sett fyr på konene sine?

osv, osv...

Det som ligg implisitt i ditt utsagn er at "alle muslimar er mordarar".
Dette er kanhende ikkje "rasisme", men det gjør det faen ikkje betre!

Paal Hellesnes
Personsoekar: 96 84 78 06
Finger paal@feskar.net for PGP-nøkkel