Pol Pot og andre mordarar

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Mon, 20 Apr 1998 16:17:53 +0200

I Kambodsja i syttiåra var det i det minste tre partar som drap. Kan
nokon svare meg omtrentleg på følgjande:

a) Kor mange mista livet (straks eller pga. etterverknader) av den
amerikanske bombinga og Lon Nol-styret fram til 1975?

b) Kor mange mista livet (straks eller pga. etterverknader) under Pol
Pot-styret 1975-78?

c) Kor mange mista livet (straks eller pga. etterverknader) under den
vietnamesiske invasjonen og Heng Samrin-styret?

For b) og c) er det også interessant å sjå på kva som kunne ha vore
gjort annleis:

Kva var alternativet til å tvangsflytte folk ut på landsbygda? Ville dei
ha svolte i hel i byen? Kunne flyttinga ha vore gjort på ein meir
lempeleg måte? Ville det ha vore meir eller mindre krig og dreping
dersom Vietnam ikkje hadde invadert?

Eg spør fordi eg ikkje veit svara, og eg synest det manglar noko i alle
"oppgjer" og "krav om oppgjer" med Pol Pot. Formålet med eit oppgjer kan
ikkje vere å be om tilgjeving for andre sine synder, men å lære av
historia.

Lars Staurset