Eliassen om Pol Pot

Jon Hareide Aarbakke (jha@computas.no)
Mon, 20 Apr 1998 14:05:48 +0200

Det er litt vanskeleg for meg å tolke Eliassen, men eg har ei kjensle av
at det her vert skjangla frå grøft til grøft - anten er ein for Pol Pot
og mot imperialistane, eller så er ein for imperialistane og mot Pol
Pot. Kva med å vere mot båe sidene? Kva med å meine at folkemord ikkje
kan forsvarast på noko sett? Kan ein vere radikal og humanist? Meine at
menneskelivet er heilag, også når det er ein kulak/storbonde/borgar som
står under galgen, ikkje berre når det er gråtande bønder i Guatemala
som vert slakta ned?

Jon