blaming the Serbs without proof set a precedent.....

From: asgeirbj@student.sv.uio.no
Date: Wed Mar 29 2000 - 14:15:57 MET DST

  • Next message: Anders Ekeland: "Re: blaming the Serbs without proof set a precedent....."

    Usedvanlig klar tale fra the Times: But blaming the Serbs without proof set
    a precedent, and the process of demonising them took deeper root. Sjølv om
    det er delte meiningar om denne massakren dei omtaler framleis er "a mystery".

    http://www.the-times.co.uk/news/pages/tim/2000/03/28/timfeafea01005.html

    Mystery of the market massacre
      SIXTY-EIGHT people died and more than 200 were
      injured when a single shell exploded in a small Sarajevo
      market. The ghastly scenes were filmed and a horrified
      world was left in no doubt that the Serbs were to blame.
      The slaughter brought deeper American involvement in the
      Balkans, with the formation of the US-led Contact Group
      and an American-negotiated alliance between Bosnia's
      Muslims and Croats.

      The massacre also ultimately paved the way for American
      airstrikes on Bosnian Serb positions in late summer, 1995.
      Furthermore, the killing brought about a deal whereby the
      Serbs pulled back their heavy guns from the mountains
      surrounding Sarajevo and the Muslims reluctantly signed a
      ceasefire. The easing of the siege, and the relief for the
      people of Sarajevo, was a notable achievement.

      To this day no one knows who fired the deadly mortar
      round on Markale market in February 1994. Survivors
      and witnesses said they heard no characteristic whistle of
      an approaching missile; this later led to suggestions that a
      bomb had been placed under a stall. A Western diplomat
      who was in Sarajevo at the time told me in 1999 that he
      was convinced the bombing was perpetrated by the
      Muslim-led Government. The Muslims were sure that the
      Serbs would be blamed and hoped that outrage at the
      carnage would lead to airstrikes against their foes and
      increase pressure for a lifting of the arms embargo that
      was in place against all the warring sides. Britain and
      France were vehemently opposed to lifting the embargo,
      although America had shown signs of wanting to arm the
      Muslims.

      "On the morning of the explosion some people were told
      that it was not a good day to go to the market," the
      Western diplomat said. "There was also no shelling from
      the Serb positions that day, and the injuries were mainly
      from the waist down, as if a bomb had exploded in situ."
      The diplomat said that another sign that the Muslim-led
      Government had been responsible was that government
      media with cameras were on the scene "within seconds",
      as if poised in advance to record the full horror of the
      carnage to gain as much world impact as possible.

      The suggestion that the Muslims shelled their own people
      began to be discussed by diplomats, politicians and a few
      journalists after the UN's investigation into the massacre
      concluded that no one could be sure whence the shell had
      come. But most people recoiled at the idea of such
      self-inflicted mutilation. The majority of the world's press
      and politicians accepted the instant suggestion that the
      Serbs were responsible; questions were not encouraged
      and the general view was that the end justified the means:
      the siege of Sarajevo was eased. But blaming the Serbs
      without proof set a precedent, and the process of
      demonising them took deeper root.

    Det var aldri nokon indisiar som peika mot serberane, men dei er jo som
    kjent skuldige til det motsette er bevist. Og verst av alt: Det var
    ingenting unikt med denne massakren og dei grunnlause skuldingane mot
    serberane. Det var allereie lenge sidan "blaming the serbs without proof"
    hadde danna presedens, og slik fungerer det jo framleis. Og det blir berre
    lettare og lettare å få folk til å tru på det, vi huskar jo all jævelskapen
    dei stod for i Bosnia, som f.eks massakren ovanfor. Avsløringane i
    etterkant derimot når berre fram til eit fåtal av oss.

    Hartvig sætra skriv i omtalen av boka "Offensive in the Balkans" av Yossef
    Bodansky (OBS:Dette er ikkje den same massakren, den som er omtalt i
    Times-artikkelen var i februar -94) :

    "Bodansky startar med den aktuelle massakren på marknadsplassen i Sarajevo
    28. aug. 1995. Det var da at USA for alvor tok einsidig part i
    Jugoslavia-konflikten, ved å gi ordrar til å bombe serbiske mål i Bosnia.
    Men B. påviser at denne såkalla "nye" haldninga i grunnen var fastlagt
    langt tidlegare. Det var berre det at amerikansk opinion ikkje ville
    akseptere ei militær innblanding, så lenge det ikkje fanst eit såkalla
    "fancy" og emosjonelt moment som kunne snu opinionen.

    Det fekk president Clinton med massakren på marknadsplassen. Vel å merke
    dersom det var muleg å halde fast på at det var serberane som utførte
    udåden. Men etter dei første bølgjene av bombefly over serbiske mål, tok
    dei rettslege undersøkingane av massakren ei anna vending. FN-styrkane
    avslørte at det ikkje var snakk om ein granat frå serbisk side, -ja, at det
    neppe var ein granat i det store og heile, men ein sprenglandning som
    truleg vart kasta frå eit hustak! Mistanken gjekk til den omfattande
    infiltrasjonen av fundamentalistiske Mujaheddin. Muslimane hadde med andre
    ord bomba sine eigne!"

    http://www.nkp.no/artikler/1999/yossef.html

    Å spele på det emosjonelle er både enkelt og effektivt dersom ein er kynisk
    nok. Og ganske nødvendig når serberane gong på gong må være så fordømt
    forhandlingsvillige. Og då spelar det ingen rolle om skuldingane ikkje held
    vatn. Derimot er det viktig at TV-team i nærleiken har såpass god teft at
    dei kan dukke opp nesten umiddelbart. Sætra og Bodansky igjen:

    "Korfor gjorde dei det?

    Bodansky seier at USA før dette hadde lagt fram ein plan for serberane, som
    dei trudde motparten straks ville avslå. Derfor hadde dei førebudd bombing
    i lang tid. Men til stor overrasking for Pentagon og UD sa serberane ja til
    å forhandle. President Carter hadde oppnådd atskillig på sin misjon til Pale.

    "Og dermed kom smellet på marknadsplassen, som drap nær 40 sivile. Ikkje
    berre var tidspunktet perfekt, men eit profesjonelt kameramannskap var
    allereie på plass for å gjere opptak av scenen i all sin gru, til og med
    før redningsmannskapet hadde nådd å rykke ut. Enda FN i første omgang ilte
    til med å skylde på serbiske rakettar, var det mange etterforskingsspørsmål
    som ein på det tidspunktet ikkje kunne svare på. Det russiske medlemmet av
    undersøkingskommisjonen sa straks at det var fysisk umuleg at raketten kom
    frå serbisk hald. Det samme sa ein kanadisk militærekspert.

    Dei britiske og franske militærekspertane som undersøkte krateret etter 40
    minutt, fann ingen bevis for at granaten kom frå serbisk hald. Dei
    konkluderte med at den muslimske armeen var ansvarleg for utskytinga. Men
    etter beinhardt amerikansk press vart det likevel sendt ut gjennom FN at
    "serberane var skuldige"."

    Når det gjeld massakren i feb.-94 er Bodansky uenig med The Times om
    korleis bevisa står:

    "Affæra var ikkje den første i sitt slag. FN-representantar kalla det "ein
    blåkopi av terrorhandlinga i februar 1994". Også denne fekk serberane
    skulda for i store media-oppslag. Men i det tilfellet førte FN-folk
    ugjendrivelege bevis for at det var muslimsk terror mot eigen befolkning.
    D. seier: "Likevel, både fordi det var "gamle nyheiter" og fordi dei var
    "politisk ukorrekte", blei desse konklusjonane nesten aldri nemnt i
    vestlege media". - Frå før veit vi at det samme skjedde med den
    gjennom-regisserte "massakren på eit gravfølgje" i Sarajevo i 1992."

    Atrocities kan være gode å ha i vanskelege politiske situasjonar, Racak er
    vel det ferskaste eksempelet på slike episoder som viser seg å ikkje vere
    det dei blir markedsført som. HS:

    "Alle tre hendingar kom akkurat på det tidspunktet da det såg ut til å bli
    ein avtale mellom Vestmaktene og dei bosniske serberane, seier Bodansky.
    Dette visste både FN, vestlege militære og dei fleste politikarane. Også
    media visste det, men analyserte det aldri, og la alltid maksimal skyld på
    serberane, også når dei visste betre.

    Massakren på marknadsplassen førte til massivt vestleg militært
    engasjement, og snudde krigslykka for serberane på avgjerande vis."

    Enda nokre utdrag frå HS:

    "Han reknar opp i alt åtte ulike såkalla "alvorlege episodar", som
    serberane fekk skulda for i vestlege media, men der FN i alle tilfella har
    påvist at serberane var ute av stand til å utføre udåden. I tillegg kom
    slike "forestillingar" som blei regissert kvar gong viktige personar ( og
    dermed pressefolk) var i byen: Muslimske batteri skaut på serbiske
    stillingar. Deretter svara serberane med skyts mot sentrale delar av
    Sarajevo. Det slo nesten aldri feil at pressa "glømte" kven som skaut
    først. (Underskrivne har tidlegare berre sett dette avslørt i dansk
    Information 1994).(........)

    Bodansky rapporterer ironisk og desillusjonert om korleis den eine
    FN-kommandanten etter den andre vart sjikanert og pressa ut av ein
    "media-storm", kvar gong dei forsøkte å opptre upartisk i Bosnia. Her legg
    han også eit stort ansvar på Clinton-administrasjonen, som brukte alle
    vridde medie-innslag for alt dei var og vel så det.(.......)

    Bodansky er så innsiktsfull at han allereie i 1995 spådde det utfallet vi
    ser i dag. Han beskriv den amerikanske "teknikken" med å utvikle såkalla
    "fredsavtaler"
     som ein veit at serberane ikkje kan godta. Det skjedde med Izetbegowitz´
    "tolvpunktsplan" i 1995, seier han. Og det vil skje igjen:"Konsekvensen er
    at det heng eit Damokles-sverd over Balkan: Ein massiv militær intervensjon
    av USA-styrte NATO-styrkar mot serberane."

    Den kom, etter at USA atter ein gong hadde fått til ein "avtaletekst" i
    Rambouillet som var totalt uakseptabel for serberane. Og som burde vere
    uakseptabel for oss alle, liksom bombinga er det."

    Asgeir Bjørkedal



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 29 2000 - 14:19:42 MET DST