At 21:25 23.03.00 +0100, Garvik wrote:
>
>Har eg sagt at leiren i Trnopolje var ein konsentrasjonsleir?
>Representerer eg avisene som skreiv dette? Hald deg til saka!
>
Det er jo nettopp dette som er saka: ITN fabrikerte bilder som har blitt
brukt til å framstille Trnopolje som ein KZ-leir. Thomas Deichman avslørte
dette, LM trykte desse avsløringane og vart dømde for det.
Eg har aldri sagt at du representerer desse avisene som skreiv dette, men
slik eg forstår deg så forsvarer du dei. Bortsett frå dette med rettsaka.
Eg forstår deg slik at du faktisk meiner det er heilt greitt om ITN har
snekra saman løgnpropaganda om Trnopolje, sidan serberane si krigføring
elles var så ille.
Garvik:
>Du opererer med kategoriar, men kva er "vestleg presse" for noko, anna
>enn nokså samansette media. Eg veit at pressa i Noreg er sørgjeleg
>einsretta, men i andre europeiske land er det nokså balansert. Her til
>lands har me pressefridom, og pressa er temmeleg nyansert, også i høve
>til krigane i det tidlegare Jugoslavia. (Frankrike og Serbia var gamle
>allierte, og det har lenge vore sterke "venskapsband" mellom dei to
>landa). Til og med den "borgarlege leiren" delte seg i samband med
>krigen i Kosovo.
>
Mitt kjennskap til fransk presse er ganske begrensa, og kanskje litt prega
av ditt selektive utvalg når du serverer smakebitar. Mitt inntrykk er at
franskmennene når alt kjem til alt er like rævsleikande USA-lojale som oss
andre vest-europearar, sjøl om dei ofte legg inn ein egen vri, eit sokalla
"french-kiss".
Men etter det eg forstår så skal både Le Monde, Le Figaro og fransk TV ha
servert avsløringar av CIA-Walkers Racak-hype, ein materie som klassekampen
såvidt torer å pirke borti (i gårsdagens). Men om den saka er KK-forums
mann i Frankrike knyst stille. Det er vel kanskje enda ei av dei sakene der
sanninga ikkje spelar noko rolle (eller kanskje til og med står i vegen for
den høgare sanninga?), og fortsatt bør gøymast under teppet?
For dei som meiner sanninga rundt påskotet for krigen faktisk er ganske
relevant, les f.eks Diana Johnstone:
http://www.emperors-clothes.com/articles/Johnstone/Recak.html
Eller "Meet mr Massacre":
http://www.emperors-clothes.com/analysis/meetmr.htm
Om mellom anna Walkers forhold til massakrar her og der, denne i El Salvador:
Later, Walker would recommend to Secretary of State James
Baker that the United States "not jeopardize" its relationship with
El Salvador by investigating "past deaths, however heinous."
Garvik:
>Heile denne saka ber preg av at nokre små grupperingar og ei lita avis
>ser på seg sjølve som "David". Dei freistar å få mest mogleg ut av
>beskjedne våpen. Det er ikkje noko gale i det, men det blir mykje larm
>om lite, for krigen i Bosnia og dei tusenar av døde lagar skuggar som er
>enorme, og som ingen kan bortforklåre.
Det er ingen som prøver å bortforklare krigen.
Men dersom ein har behov for å bevare gamle propagandaløgner for at ikkje
"sanninga" skal besudlast, då er ein faktisk ganske langt ute på viddene!!!!
Garvik:
>Då eg melde om denne rettsaka mot LM, var det fordi ein kamerat sende
>meg eit utklipp frå Bergens Tidende, og fordi eg tykte saka var noko
>disproporsjonert. Det tykkjer eg framleis, men eg tykkjer samstundes at
>saka her på KK-forum får ein større plass enn ho fortener. Alle kjenner
>vel skiljelinene, og då får kvar og ein gjera seg opp ei meining.
>
Etter mi meining har ikkje denne saka fått den plassen den fortjener før
avsløringane blir slått opp i alle dei mediekanalane som spreidde desse
bilda som sanning. Som Ed Vuillamy sa så vart desse bilda eit sterkt symbol
på Bosnia-krigen, med ein enorm effekt i spelet for å demonisere serbarane.
Det går ikkje an å avfeie dette som uvesentleg og irrelevant.
Eit fabrikert propagandabilete gjekk verda rundt og vart brukt til å hausse
opp stemninga og få den vestlege befolkninga til å velje side. Dette har
vore avslørt for fleire år sidan og heile medie-Norge teier stille om det.
Det er skammeleg, og eg må seie klassekampens tagnad underminerer min
tillit til avisa.
Det går ikkje an å halde kjeft om denne saka lenger!
Asgeir Bjørkedal
This archive was generated by hypermail 2b29 : Fri Mar 24 2000 - 15:22:11 MET